Ravatn nominert til Rivertonprisen

Jan Erik-Fjell, Sigbjørn Mostue, Asle Skredderberget og Agnes Ravatn knivar no om den gjæve Rivertonprisen i konkurranse med Jo Nesbø.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rivertonprisen, eller «Den gylne revolver» – vert delt ut kvart år av Rivertonklubben. Prisen går til forfattaren av årets beste, norske kriminalitterære arbeid.

Onsdag vart dei fem nominerte bøkene til Rivertonprisen 2019 annonsert, melder VG.

Prisen vert delt ut seinare i mars.

Kun eín kvinneleg kandidat

Agnes Ravatn (37) vart nominert for boka «Dei sju dørene», og var er einaste kvinnelege kandidaten på nominasjonslista.

Denne boka skil seg ut, fordi verken forfattaren eller forlaget ser på henne som ei krimbok.

– For meg er denne nominasjonen like overraskande som den er gøy! Men det er veldig stas med en slik nominasjon, og fint at juryen tenker litt utanfor boksen, sier Ravatn til VG.

I romanen følgjer ein ei forsvinningssak, men forfattaren ser på boka like mykje som eit familiedrama.

Dei nominerte er:

  • Agnes Ravatn: Dei sju dørene (Samlaget)
  • Jo Nesbø: Kniv (Aschehoug)
  • Jan-Erik Fjell: Gjemsel (Capitana)
  • Asle Skredderberget: Hevnen tilhører meg (Gyldendal)
  • Sigbjørn Mostue: Himmelen skal gråte blod (Cappelen Damm)

Les også: Debutantane sine beste krimtips

Agatha Cristie sin klassiske etterforskar Hercule Poirot (David Suchet) er for mange synonymt med påskekrim. Her får du eit knippe andre tips. Fotocollage.