Stor interesse for Agnes Ravatn i utlandet
Til saman er «Fugletribunalet» selt til 11 land.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Boka «Fugletribunalet» av Agnes Ravatn blei nyleg selt til Italia, Frankrike og Bulgaria.
«Fugletribunalet» kom ut i 2013, og opplaget er no oppe i 35.000. Ravatn har fått P2-lyttaranes romanpris, Ungdommens kritikarpris og Bokbloggerprisen for boka, skriv Samlaget i ei pressemelding.
Også Ravatn si siste bok, «Verda er ein skandale», er nyleg selt til Tyskland.
VIDEO: Sjå video frå då Agnes Ravatn var tilbake i Oslo-gatene etter 2 år i Valevåg:
https://vimeo.com/230119847