Varmaste vinter i Noreg målt på 120 år
Vinteren 2019/2020 i Noreg er den varmaste som er målt i landet sidan målingane byrja for 120 år sidan.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vinteren var heile 4,5 grader varmare enn normalen, og vart dermed den mildaste sidan Meteorologisk institutt starta målingane i 1900. Denne vinteren vart òg den nest våtaste.
Alle regionane utanom Nord-Noreg sette rekord for varmaste vintersesong.

Vinteren 2019/2020 i Noreg er den varmaste som er målt i landet sidan målingane byrja for 120 år sidan. Her kikar ein blåveis fram i vegkanten på Svartskog like utanfor Oslo 15. februar i år. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix / NPK
19 grader og noregsrekord
Ytterøyane fyr i Vestland sette rekord for høgaste gjennomsnittstemperatur i ein vintersesong med 6 grader. Den gamle rekorden var frå sesongen 2013/2014, då Svinøy i Møre og Romsdal enda på 5,7 grader.
Høgaste maksimumstemperatur denne sesongen var på heile 19 grader, og vart registrert 2. januar i Sunndalsøra i Møre og Romsdal. Dette er ny norsk varmerekord for januar.
Lågaste minimumstemperatur var – 38,6 grader, og vart målt i Couvddatmohkki i Finnmark 28. januar.
Nest våtaste vinter sidan 1900.
For landet som heilskap kom det 70 prosent meir nedbør samanlikna med normalperioden 1961–1990-normalen.
Det vart dermed den nest våtaste vinteren målt sidan 1900. Berre vinteren 1988/89 var våtare, med 85 prosent meir nedbør enn normalen.
Høgaste døgnnedbør var 155,2 millimeter, og vart målt på stasjonen Samnanger II i Vestland 30. desember.
Også globalt har det vore varmerekord, og 2020 er det 44. året på rad der temperaturen i den første månaden i året ligg høgare enn det som var normalt i førre hundreår.