Global varmerekord i januar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det stadfesta den forskingsbaserte amerikanske forvaltningsetaten NOAA torsdag. Konklusjonen er i tråd med tidlegare utrekningar gjort av ekspertar i EUs Copernicus-program.

Gjennomsnittstemperaturen på landjorda låg 1,14 grader over normalen for januarmånader på 1900-talet.

2020 er dessutan det 44. året på rad der temperaturen i den første månaden i året ligg høgare enn det som var normalt i førre hundreår.

I Noreg vart det i januar sett varmerekordar i alle fylke sør for Nordland. (©NPK)