Klimaforskarar: Verda har ikkje sett normalt vêr sidan 2012

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen er publisert i vitskapstidsskriftet Nature Climate Change. I artikkelen blir det lagt til grunn at klima blir definert som gjennomsnittsvêret for ein 30-årsperiode, medan vêret varierer frå dag til dag.

Sebastian Sippel, som er forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), seier at «normalen» framleis vil vere gjeldande for det lokale og regionale vêret, men at omgrepet globalt har mista meininga fordi klimaendringane skjer for fort.

– Dei fleste tenker på klimaendringar som noko langsiktig, noko som skjer om 50 eller 100 år. Noko som tar svært lang tid. Lokalt stemmer det framleis, men ikkje globalt. Kvar einaste dag er det ein eller fleire stader vêr med eit tydeleg avtrykk av klimaendringar, seier Sippel.

Definerer klimafotavtrykk

Han har saman med fire forskarar frå ETH i Zürich funne fram til ein definisjon for eit klimafotavtrykk. Det vil seie kor høg temperaturen må vere, og korleis luftfukta må vere, for å kunne slå fast at ein observerer klimaendringar.

– Frå 2000 til 2010 vart dette observert i meir enn halvparten av dagane. Frå 2012 kvar einaste dag. Sidan då har det kvar einaste dag vore så mykje varmare enn normalt ein eller fleire stader i verda, at klimaendringar er einaste forklaring, seier han.