Kan bli temperaturrekord over 100 stader i landet: – Viser at klimaendringane er her

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tal frå Meteorologisk institutt viser at det har vore ein mykje varmare januar månad enn normalt, skriv NRK.

– Dette er ein veldig oppsiktsvekkjande januar. Over 100 stader rundt i landet har vi no moglegheit til å setje temperaturrekord med mildvêret, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss til kanalen.

På Sunndalsøra i Møre og Romsdal, blei det sett ny varmerekord med 19 grader allereie 2. januar.

– Viser at klimaendringane er her

Både statsmeteorologen og klimaforskarane ser på utviklinga med bekymring.

– Det viser at klimaendringane, dei er her. For plantelivet kan dette få store konsekvensar. Blomstrane begynner å spire, men risikerer å døy dersom det kjem ein kuldeperiode. Jordsmonnet endrar seg også – vi opplever sørpeskred i staden for snøskred.

Maria Sand er seniorforskar hjå Cicero. Foto: Cicero

Meteorolog og klimaforskar ved Cicero, Maria Sand, peikar på klimaendringar og naturleg variabilitet som grunnar for ein uvanleg mild januarmånad.

– Alle dagane det har vore litt over null grader, så har det regna. Utan klimaendringane hadde det snødd, seier Sand.

Ho meiner det også er viktig å peike på at Noreg er eit land med mykje naturleg variabilitet. Samstundes kan ho fortelje at vintrane har blitt ein månad kortare og to grader varmare sidan 60-talet, noko som medfører konsekvensar for natur- og dyrelivet.

Extinction Rebellion i aksjon i og utanfor Miljødirektoratet. Foto: Ingvild Eide Leirfall