To nye varmerekordar på kort tid: 19 grader målt på Sunndalsøra

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når det er så sterk fønvind som no, blir det spennande å sjå om vi kan komme endå høgare eller om dette var maks, seier vakthavande meteorolog Martin Granerød ved Meteorologisk institutt til NTB.

Rekorden som først vart slått med 18,6 grader på Åndalsnes torsdag, hadde stått sidan 1989. Då vart det i januar målt 17,9 grader i Tafjord på Sunnmøre.

– Det er som ein fin sommardag i Nord-Noreg, seier Granerød.

– Dei kan ta på seg shortsen no i morgontimane, så får vi sjå kor lenge temperaturen er så høg.

På Åndalsnes startar januar mildt. Foto: Steffen Hillebrand/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0

Varmt fleire stader

Hos tidlegare rekordhaldar Tafjord er det målt 17,7 grader torsdag morgon.

– Dei stadene har ofte høge temperaturar. Det er ein fønvindeffekt som gjer at lufta blir varma opp når ho kjem ned att frå fjellet, seier Granerød.

Han fortel at dei tidlegare varmerekordane har vorte sette mot slutten av januar.

– Det har òg vore andre år der vi har opp mot 16–17 grader i desse områda, men det er første gong vi måler over 18 grader på denne tida. Det er absolutt ein rekord å ta med seg vidare, meiner Granerød.

Ifølgje meteorologen vil «sommardagen» halde fram så lenge vinden varer.

– Han kjem til å gi seg noko utover dagen. Det betyr nok at temperaturen òg vil gå sakte, men sikkert, nedover. Men det vil absolutt bli ein mild og varm dag i dette området.

Trur det blir mildvêr til slutten av mars

For mange nordmenn har det vore ein mild og våt vinter hittil. Skal vi tru klimaforskarane, er det mykje som tyder på at dette òg vil halde fram framover.

– Både langtidsvarselet, vanleg vêrvarsel og sesongvarselet peikar i den retninga. Slik det ser ut akkurat i dag, ligg det an til å bli ein mild vinter fram til slutten av mars, seier klimaforskar Erik Kolstad ved Norce og Bjerknessenteret for klimaforsking ved UiB til NRK.

Han peikar på global oppvarming som ei årsak til at vintrane blir mildare i Noreg.