Nesten 111.000 barn veks opp i fattige familiar

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 05.03.2020 10:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Delen barn i gruppa med vedvarande låge hushaldsinntekter er 11,3 prosent i 2018.

Det er ein vekst på 0,6 prosentpoeng frå året før og 5.000 i absolutte tal, då det var 10,7 prosent, melder Statistisk sentralbyrå (SSB).

Størst barnefattigdom i store kommunar

Delen barn i lavinntektshushold er størst i dei store kommunane, og særleg i Oslo og Bergen finn SSB store forskjellar mellom bydelane.

8 av 10 barn med bakgrunn frå Syria

Nesten seks av ti barn under 18 år, 57,2 prosent, i låginntektsgruppa har innvandrarbakgrunn.

Til samanlikning utgjer barn med innvandrarbakgrunn knapt 17 prosent av alle barn i Noreg.

Auken frå 2017 til 2018 kjem ifølgje SSB for det meste av at mange barn med bakgrunn frå Syria no blir rekna inn i låginntektsgruppa.

Heile åtte av ti barn med bakgrunn frå Syria høyrde til eit hushald med vedvarande låg inntekt i 2018. Til saman dreier dette seg om 6.000 barn, som er ei dobling frå året før.

Den største gruppa er barn med bakgrunn frå Somalia, med vel 11.000. Nesten åtte av ti barn med somalisk bakgrunn bur i familiar med vedvarande låg inntekt.

Nesten fire av ti barn med innvandrarbakgrunn høyrer til hushald med vedvarande låg inntekt, og delen barn med innvandrarbakgrunn i denne gruppa har auka betrakteleg dei siste åra.