Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mykje tidlegare forsking og tiltak har fokusert på barn som veks opp i låginntektsfamiliar. Vår gjennomgang viser at også ungdomstida er ei sårbar periode, seier seniorforskar Christer Hyggen ved NOVA på OsloMet, og legg til:

– Difor må politikarane styrke innsatsen mot denne gruppa.

Det skriv Forskning.no.

På bestilling frå Barne- og likestillingsdepartementet har Hyggen, saman med Ingar Brattbakk ved AFI og Elling Borgeraas ved SIFO, skrive rapporten Muligheter og hindringer for barn i lavinntektsfamilier. En kunnskapsoppsummering.

Dei tre forskarane har samanfatta norsk og internasjonal forsking på følgjene av å vekse opp i ein familie med svak økonomi.

Negative konsekvensar

I rapporten kjem det fram ei rekke negative følgjer av å vekse opp i familiar med svak økonomi:

  • Sosial eksklusjon: Foreldrene har ikkje like store mogelegheiter til å investere i ting som er viktig for barn si utvikling og sosial deltaking, som til dømes bøker, datamaskin og deltakaravgift i idrettslag.
  • Stress knytt til bustad: Mange veks opp i ein utrygg bustadsituasjon på leigemarknaden, prega av dårlege buforhold, frykt for å verte kasta ut og mykje flytting.
  • Økonomien påverkar familieforholda: Uføreseieleg inntekt og økonomiske bekymringar påverkar foreldrene sin mogelegheit til å vere gode foreldre.
  • Splitta heim: Uro over økonomien kan føre til at hushaldningar vert splitta, og foreldrekonflikta vert så høg at foreldra skiljer seg.
  • Dårleg helse: Låg inntekt har ofte ein samanheng med dårleg helse eller andre utfordringar hjå foreldrene.
  • Auka sjanse for mobbing og utestenging.

I lys av forskningsresultatet trekker forskarane fram særleg to ting: meir fokus må rettast mot ungdom, og meir fokus må også rettast mot unge som veks opp i familiar som har ustabil inntekt.

Etterlyser tiltak

Rapporten syner at samanlikna med andre land, så er følgjene av å vekse opp i ein familie med svak økonomi mindre alvorlege i Noreg. Men Hyggen understreker at det er teikn i tida som tyder på at ulikskapane også stig her til lands, og det kan ha alvorlege konsekvensar for barn og unge.

Ein artikkel frå SSB tidlegare i år syner at det i 2016 var heile 101 000 barn under 18 år som budde i ei hushaldning med vedvarande låginntekt. Det utgjer 10,3 prosent av alle born i denne aldersgruppa, og er ei auke på 0,3 prosentpoeng frå året før. Det skriv seg også inn i ein lenger tradisjon med auke sidan år 2000. Det er difor ingen grunn til å kvile på laurbæra.

Rapporten viser, ifølgje Forskning.no, til fleire faktorar som kan hjelpe unge i låginntektsfamiliar:

  • Auka innsats for å støtte tenåringar som veks opp i fattige familiar.
  • Merksemda må rettast mot barn og unge som veks opp i familiar med ustabil inntekt.
  • Familien må stå sentralt i innsatsen for å redusere negative konsekvensar.
  • Ungdom bør få hjelp til å handtere stress og utfordringar dei opplever når familien slit økonomisk.

Les også: Ein halv million nordmenn lever med økonomiske utfordringar

Press: – Ikkje nok med støtte

Press-leiar Mina Vinje. Foto: Press, Redd Barna Ungdom

Leiar i Press – Redd Barna Ungdom, Mina Vinje, meiner det ikkje er nok å hjelpe ungdom som opplever stress med å handtere stresset.

– Det er eit plaster på såret når noko har skjedd, seier ho.

Leiaren fortel at organisasjonen jobbar mykje med dei andre typane utfordring ungdomen står ovanfor, som skulestress og kroppspress, og meiner det er viktig at ein fokuserer på førebyggjande tiltak.

– Ein må sjå på korleis ungdom skal sleppe stress, og korleis vi kan sørgje for at færre familiar slit økonomisk, seier Vinje.

Les også: Aukande barnefattigdom i norske kommunar