Difor er internett #BlueForSudan
Internett har vore stengt i Sudan sidan paramilitære drap og valdtok demonstrantar 3. juni. Blått har vorte eit symbol for dei falne.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ifølgje britiske BBC var blå yndlingsfargen til den 26 år gamle ingeniørstudenten Mohammed Mattar, som vart skoten under ein demonstrasjon for demokrati i Sudans hovudstad Khartoum 3. juni i år.
Those who are taking part in spreading #BlueForSudan. The color blue came from a warm hearted, martyrs known as, Mohammed Hashim Mattar, my cousin who has passed away on the 3rd of June, as he was standing proud. Blue was his fav color, which now presents unity.??
Mattar’s Blue pic.twitter.com/MdZ7f2sLwS
— OmerYousiff (@OmerYousifff) 12. juni 2019
Blått for dei falne
Mattar skal ha blitt skoten medan han freista å beskytta to kvinner då ei paramilitær gruppe gjekk til åtak for å oppløysa protestleiren utfor hærens hovudkvarter.
26-åringen skal ifølgje demonstrantane vere ein av i alt 188 menneske som mista livet i åtaket som såra 500. Myndigheitene i landet opererer på si side med rundt 60 drepne, skriv Klassekampen denne veka.
Britiske Daily Express har sitert Shahd Khidir, ein kamerat av Mattar, som forklarar at familien og venene byrja å endra fargen på profilbileta sine til den same fargen som Mattar sitt og at andre følgde etter.
Fargen har no vorte eit symbol for alle sudanarane som har døydd i opptøyane.
todiii, senzeni , what shall we do ? #BlueForSudan
??? pic.twitter.com/TjQXpfEXmg— Ndicel’ikiss (@BeritaAfroSoul) 18. juni 2019
Maybe #BlueForSudan won’t save the world, but it will raise awareness about a terrible issue that would otherwise go unspoken and *hopefully* let the people of Sudan know they are not alone.
Be their voice when they don’t have one. pic.twitter.com/EuhfDz7auw
— Ronza (@RaniaEssamAli) 17. juni 2019
Hæren tok makta frå al-Bashir
Allereie i desember i fjor starta demonstrasjonar i protest mot president President Hassan al-Bashir.
11. april i år vart al-Bashir avsett etter eit folkeopprør og hæren tok over makta i det austafrikanske landet.
Hæren starta forhandlingar om ein overgangsperiode, men forhandlingane førte ikkje fram sidan dei var ueinige med opposisjonen om kven som skulle ha fleirtal i det øvste rådet som skulle regjere i overgangsperioden.
Sidan 2009 har al-Bashir vore tiltalt av den internasjonale straffedomstolen i Haag for folkemord i Darfur-regionen. Søndag vart han tiltalt for korrupsjon i heimlandet, men myndigheitene vurderer òg om han skal tiltalast for drap på demonstrantar.
Valdtekt som våpen
Hæren har utarbeidd ein granskingsrapport som konkluderte med at soldatar deltok i overgrepa i protestleiren 3. juni og har lova at dei som tok del i ugjerningane skal straffeforfølgjast.
Førre veke skreiv The Guardian at sjukehusa i Khartoum rapporterte at minst 70 menneske var blitt valdtekne – både kvinner og menn.
Det militære rådet nektar for skuldingane og vil ikkje gå med på ei internasjonal gransking, slik USA og opposisjonen krev.
I tillegg skal 19 born ha vorte drepne, 49 skada og fleire rekrutterte og seksuelt misbrukt, ifølgje Unicef, som er svært uroa for borna i området.
Les også: Årets fredsprisfotograf viser kroppen som slagmark
Stengt internett
Sosiale medium har vore viktig i organiseringa av demonstrasjonene, difor har myndigheitene halde nettet nede sidan det fatale åtaket 3. juni.
Men under emneknaggen #BlueForSudan deler internett historiar frå landet som ser ut til å vera på randen til ein ny borgarkrig.
Abbas Farah was shot dead in the massacre. The scene of his mother around his body saying “wake up son, they killed my baby” made me ?. Abbas was camping there for 2 months dreaming about democracy in Sudan. Pray for our martyrs. #PrayforSudan #BlueforSudan pic.twitter.com/evARzrYxkW
— Mohamed Abdulwahab (@MohamedAbdulwa) 18. juni 2019