Vil du vere journalist på OD-dagen?
Har du lyst til å prøve deg som journalist for ein dag? Framtida.no søkjer OD-praktikantar som vil jobbe hos oss i Oslo 29. oktober.
Er du engasjert og flink til å skrive nynorsk, ta bilete, lage video eller innhald til sosiale medium?
Framtida.no er ei nynorsk nettavis for unge i alderen 15–25 år. I Framtida.no kan du prøve deg som journalist for ein dag under Operasjon Dagsverk 29. oktober 2026.
Både ungdomsskuleelevar og vidaregåandeelevar er velkomne til å søkje.
Det går heilt fint om du ikkje skriv perfekt nynorsk, eller har lite journalistisk erfaring. Det viktigaste er at du har lyst å prøve deg, lære og synest det er greitt at arbeidet ditt blir publisert under ditt namn. Vi gir god oppfølging og les alltid korrektur på sakene.
Arbeidsoppgåvene vil bli tilpassa di erfaring, interesser og kva du vil lære meir om.
Døme på arbeidsoppgåver kan vere:
- Å skrive eit meiningsinnlegg om noko som engasjerer deg.
- Å skrive ei liste med tips til til dømes filmar, seriar, dataspel, bøker, aktivitetar, eller anna du er engasjert i.
- Å førebu, gjennomføre og skrive ut eit intervju.
- Å lage ein video eller anna innhald til sosiale medium.
Skriv ein e-post der du inkluderer namn, alder, skule, kva erfaring du har med liknande arbeid, og kva du kan tenkje deg å jobbe med på OD-dagen. Send e-posten til fungerande redaktør Birgitte Vågnes Bakken på birgitte@framtida.no.
Send inn søknad så snart som mogleg. Søkjarar vil få svar innan fredag 23. oktober.






