Venezia byrjar å krevje inngangspengar

I samband med ein nasjonal høgtidsdag byrjar Venezia å teste den lenge varsla innkrevjinga av inngangspengar frå dagsturistar til byen.

NPK-NTB-Reuters
Publisert

Byen med lagunen og dei mange kanalane blir den første som prøver ut ei slik betalingsordning i eit forsøk på å redusere mengda av turistar som fyller Venezia til trengsel i høgsesongen.

Torsdag er den første av 29 dagar fram til midten av juli, inkludert dei fleste helgar, der dei som ikkje skal overnatte, må betale 5 euro – snautt 60 kroner – for å komme inn i byen.

Gratis på kvelden

Det blir rett nok ingen sperringar å forsere, men inspektørar vil ta stikkprøver for å sjekke om folk har registrert seg og betalt. Dei som ikkje har orden i sysakene, kan få mellom 50 og 300 euro i bot.

– Vi stengjer ikkje byen, vi prøver berre å gjere han leveleg, forsikrar ordførar Luigi Brugnaro og legg til at «ingen har prøvd dette før».

Betalingskravet gjeld mellom klokka 8.30 og 16, så dei som kjem for ein middag eller ein kveldskonsert, treng ikkje betale.

Det er også gratis inngang for lokalbefolkninga, barn under 14 år og personar med nedsett funksjonsevne og dessutan følgjeperson.

– Masseturismen er ei utfordring

I fjor besøkte rundt 20 millionar menneske Venezia. Rundt halvparten overnatta på hotell eller i ferieleilegheiter i byen, som har rundt 49 000 fastbuande, men over dobbelt så mange hotellsenger.

I tillegg til å krevje inngangspengar, har Venezia varsla ein maksstorleik på turistgrupper, og store cruiseskip får ikkje lenger segle inn i lagunen.

I fjor unngjekk byen så vidt å bli sett på Unescos liste over «verdsarv i fare», dels fordi FN-organet ser at byen tek tak i bekymringane for at masseturismen skal ta knekken på det skjøre økosystemet.

– Masseturismen er ei utfordring for alle Europas turistbyar, men å vere liten og sårbar gjer oss endå meir utsett. Derfor tek vi grep tidlegare enn andre, i håp om å finne løysingar, seier byråd Simone Venturini, som har ansvar for turisme og sosiale forhold i byen inst i Adriahavet.