Koronaviruset fører til stor nedgang i kinesiske klimautslepp

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Koronaviruset fører til stor nedgang i klimautsleppa

Koronaviruset har no tatt over 2000 liv i Kina. Styresmaktene har sett i verk omfattande tiltak for å hindra spreiinga av sjukdommen i verdas mest folkerike land. Gatene i nokre av verdas største byar er folketomme, og fabrikkar og butikkar er nedstengde.

Ein ny analyse frå CarbonBrief viser at dei omfattande tiltaka for å hindra spreiing av koronaviruset også har ført til lågare CO2-utslepp.

Over ein fjerdedel av CO2-utsleppa i verda kjem frå Kina. Ifølgje CarbonBrief har utsleppa frå Kina dei siste to vekene vore kring 25 prosent lågare enn same periode i fjor. Det er ein nedgang i utsleppa på 100 millionar tonn CO2. Til samanlikning var Noreg sine samla utslepp 52 millionar tonn COi 2018.

Utsleppa frå kolkraftverka i Kina er no på det lågaste nivået på fire år. Talet på innanlandsreiser med fly har gått ned med 70 prosent, ifølgje CarbonBrief.

Illustrasjonsbilete: Unsplash