Trine Skei Grande: Klimastreik er ikkje gyldig fråvær

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Framstegspartiets stortingsrepresentant Roy Steffensen som har kravd kunnskapsministeren svar på om skulestreik for klimaet kvalifiserer til gyldig fråvær.

Han viser til at det er varsla ein ny klimastreik fredag 24. april.

Kunnskapsminister Trine Skei Grande (V) skriv i svaret sitt at «politisk arbeid» kan gi dokumentert fråvær i vidaregåande skule, men at orda arbeid indikerer at det må meir til enn alminneleg deltaking i elevstreik. «Slik dagens regler er utformet, vil derfor deltakelse i en elevstreik som oftest ikke gi dokumentert fravær», konkluderer ho.

Grande vil likevel ikkje rå mot streik.

Trine Skei Grande (V) meiner klimastreik ikkje er gyldig fråvær. Pressefoto

«Det å redde jorda er en så god grunn til å ta en udokumentert fraværsdag at jeg mener alle elever som gløder for saken, og som er trygt innenfor en sunn fraværsprosent, kan vurdere å delta på en slik markering», skriv ho.

Steffensen er usamd.

– Å skulke reddar ikkje klimaet. Tvert imot, skal vi forme eit betre samfunn, så treng vi at morgondagens ingeniørar, biologar og fysikarar er betre enn dei vi har i dag, og då er skulen rett stad å vere, seier han.

Bilete frå Klimabrølet 30. august 2019. Foto: Invild Eide Leirfall/Privat