Då eg var 20: Eurovision-røysta Olav Viksmo-Slettan var i Garden og heia på Bobbysocks

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 25.02.2020 11:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka annonserte Olav Viksmo-Slettan (54) at han har valt å slutte som Eurovision-kommentator for NRK etter å ha losa norske sjåarar gjennom folkefesten dei siste ti åra.

– Alt har si tid. Det er viktig for oss som har vore med nokre år, å ta eit skritt til sida slik at andre også får sjansen, sa han til NRK.

Sjå video frå då sjåarane fekk ein innblikk i den norske Eurovision-kommentatorboksen i 2013: 

Men Viksmo-Slettan har fleire merittar på CV’en enn Eurovision.

Han har arbeidd mangfaldige år som journalist, både som programleiar for NRK-seriane Reparatørene og Sommer-Lørdag og som radiorøysta frå radioprogramma Reiseradioen og Nitimen.

Tolgingen har i også skrive fleire bøker, seinast «Full Storm. Naturkatastrofer og ekstremvær i Norge» frå 2013 og «Ekte helter» frå 2015.

Saman med Børge Ousland vart Olav Viksmo-Slettan i år 2000 den første i verda til å direktesende ein Nordpol-ekspedisjon. Det er ikkje verst for ein som på 90-talet vart kåra til «Noregs bleikaste mann»!

Som 20-åring var Olav Viksmo-Slettan bombesikker på at han kom til å ende opp i media, men han kunne aldri førestille seg kommentatorbua han enda opp i:

Kor var du då du var 20?

Då gjorde eg meg ferdig med vidaregåande, og så drog eg i militæret. Fekk tenestegjere i Garden, og det var naturlegvis heilt konge – men du verda for ei omvelting. Å gå frå fri flyt og minimale mengder fysisk fostring til heftig opptrening og stram justis. Det var eit lite sjokk.

Men i likskap med dei fleste andre, så hadde eg berre godt av det – og det gjorde noko med sjølvtilliten å tenestegjere der.

Vi vart sett heftige krav til og kom i god form.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Kvardagen bestod i å gå vakter, dra på øving i felt, offisielle oppdrag, trene, spitshine sko (så blanke at du kunne spegle deg i skotuppen) og stryke uniformen.

I ledige stunder på kvelds- og nattestid lagde ein kompis og eg ei «minnebok» for kompaniet vårt. Gud betre, det var mangel på søvn!

Produsent Hege Aarflot Nelvik og Olav Viksmo-Slettan i kommentatorbua under Eurovision Song Contest i Kiev 2017. Foto: Privat

Hugsar du kva som skjedde det året?

Eg var litt i militærtåka det året, men eg hugsar at Treholt vart dømd for spionasje.

…og sidan eg er veldig oppteken av musikk: A-ha gjekk til topps på Billboard-lista, Live Aid gjorde uutsletteleg inntrykk, og så vann Bobbysocks Eurovision Song Contest!

Hadde nokon sagt til meg den gong at eg skulle kommentere ESC 25 år seinare, så hadde eg ledd godt av dei. Det låg langt utanfor mi førestillingsevne!

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Las eigentleg ikkje så mykje bøker på den tida, men eg jobba frilans som journalist og var ein hund etter nyheiter i aviser og på radio/tv.

Men først og fremst var eg umetteleg på musikk, og høyrde på alt frå overprodusert west coast-band til metall.

På øvingslokalet til vennane i Dimmu Borgir. Foto: Finn Håkon Rødland.

Seinare har det gått mest i metall, og eg er så heldig å ha fått jobba mykje med musikk i NRK. Høgdepunktet må vere då vi sette opp ein gigantisk konsert med Kringkastingsorkesteret, Scola Cantorum og mine gode venner i Dimmu Borgir!

Det vart ein legendarisk kveld med meir enn 100 musikarar og songarar på scena i Oslo Spektrum. Folk kom frå heile verda for å oppleve det vi stelte i stand den kvelden!

Hugsar du 20-årsdagen din?

Eg var ikkje så oppteken av å markere bursdagar på den tida, så eg hugsar faktisk ikkje om eg feira. Det vart vel ei lita samling med gode venner, tenker eg.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Litt usikker, men å sjå korleis Live Aid fekk artistar frå heile verda til å trå til i ein gedigen musikalsk dugnad for folk som trong hjelp, det gjorde inntrykk.

Seinare kom det også mange lokale versjonar, og eg fekk sjølv vere med på ein lokal «Live Aid superlight».

Queen var eit av banda som tok til scena for å samle inn pengar til det svoltråka Etiopia i 1985:

Visste du kva du skulle bli i livet?

Eg visste at eg ville fortsetje som journalist. Difor søkte eg på medielinja ved Solborg Folkehøgskole i Stavanger. Det var heilt fantastisk.

Elska byen frå første sekund, kom inn på journaliststudiet året etter, jobba i Radio Vest, fekk vere med å starte lokal tv-stasjon. Etter nokre år traff eg kona mi, og vart buande til ut på 90-talet.

Sjølv om eg har det fint i Oslo, bankar hjartet mitt framleis heftig for Stavanger.

I 2017 slo Reiseradioen følgje med Sommertoget og sende direkte frå togstasjonar, også frå Hell. Foto: Privat

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

På den tida var det liksom inga grense for arbeidskapasitet og ambisjonar, så eg var bombesikker på at min plass kom til å vere i media.

Eg jobba gjerne døgnet rundt – og det gjekk naturligvis utover studiane – men eg kom meg igjennom. Det som var så flott, var eg at fekk mykje ansvar trass i ung alder. Det er eg veldig takknemleg for!

Er heilagt overbevist om at det er riktig å sleppe til unge folk som vil noko. I NRK synest eg vi er veldig gode på det, og det er veldig lærerikt for oss som no har vorte «seniorar».

Kva ville du tenkt om du møtte deg sjølv som 20-åring?

He-he, «du kan godt roe deg ned litt, du treng ikkje å skaffe deg magesår før nyttår», liksom.

Hadde ingen grenser for kor mykje eg kunne jobbe. Heldigvis trefte eg mi fantastiske kone då eg var 21, og då vart det meir freistande å bruke tid med ho enn å jobbe ryggen av seg.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Jobb mindre, ver deg sjølv og fortsett å vere vennleg mot alle du møter – så skal du sjå at dette livet vert usedvanleg bra. Og det har det vorte!

 

Are Kalvø. Pressefoto frå Samlaget.