Desse er nominert til årets Gullbarbie

Peder Skjelten
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Gullbarbien er ikkje ein pris å feire. Det er ein verstingpris å skamme seg over, skriv leiar i Press, Mina Vinje, i ei pressemelding.

For tiande gong deler Press – Redd Barna Ungdom ut årets Gullbarbie.

Prisen går til medie- og reklameaktørar som er «best på å få ungdom til å føle seg verst», og Vinje understrekar at Gullbarbie-prisen difor er viktig for barn og unge:

– I dag blir unge bombardert med reklame gjennom telefonen, og ofte ser vi dei same idealane, seksualiserte bodskap og gamle kjønnsrollemønster. Når reklame- og medieaktørar tener store penger på at unge ikkje har det bra med seg sjølve, må vi seie frå.

9300 nominasjonar

Éi gruppe ungdom har valt ut tre kandidatar frå 9300 nominasjonar sendt inn frå ungdomar over heile landet.

Undertøysmerket Victoria’s Secret har blitt tildelt prisen to gongar tidlegare, men er ikkje nominert i år. Unge nordmenn skal i tida framover stemme på kven dei meiner fortenar prisen.

Dei tre nominerte er:

Blogg.no

«Blogg.no har ikkje tilstrekkelege retningslinjer og tar ikkje det ansvaret dei har. Barn og unge blir gjennom bloggar utsette for marknadsføring av produkt som fillers og kosmetiske inngrep gjennom sponsa innlegg, reklame og komersielle samarbeid som ofte er dårleg merkt. Blogg- og infuencermarknaden har vakse enormt dei siste åra, og bloggarar er rollemodellar med stor påverknadskraft».

Martine Lunder Brenne er direktør for Ung i Egmont, som eig blogg.no.

– Vi har strenge retningslinjer på blogg.no, som går utover norsk lov, altså vi moderer strengare enn det norsk lov ville gjort. Men det er klart retningslinjene våre heilt sikkert kan bli betre dei også, seier Lunder til NRK.

Slik ser fronten til blogg.no ut tysdag 14. januar 2019. Ingen konkrete bloggarar ar nemnt i Gullbarbie-nominasjonen. Skjermdump: Blogg.no

Ho ønskjer ikkje at blogg.no skal vere nominert til ein slik pris igjen.

Brenne meiner innlegg med rabattkodar for kosmetiske inngrep er uheldig, men at det er vanskeleg å heilgardere seg når ein driftar ei plattform der innhaldet er produsert av brukarane.

– Eg kan ikkje love at vi skal stoppe det, men eg kan love at vi skal sjå på retningslinjene, seier ho til NRK.

Facetune

«Med Facetune kan ein enkelt redigere eigen utsjånad til det ugjenkjennelege. Den målretta marknadsføringa til Facetune mot unge i sosiale medium er særleg problematisk. Dagleg dukkar det opp reklame for appen på unge sine smarttelefonar. Med dette fortel Facetune barn og unge at dei må passe inn i eit einsidig skjønnheitsideal og at dei ikkje ser bra nok ut som dei er.»

Pressefoto: Facetune

Det har ikkje lukkast verken NRK eller Framtida å koma i kontakt med selskapet Lightricks, som står bak Facetune.

Dagbladet

«Dagbladet har eit samfunnsansvar som dei ikkje tek på alvor. Gjennom artiklar, overskrifter og bilde fulle av unødvendig seksualisering og overdrive fokus på sex, kropp og slanking, bidreg Dagbladet til usikkerheit og dårleg kroppsbilde blant ungdom. Dagbladet har hatt saker om intimkirurgi, med titlar som «det beste eg har gjort» og «det er verdt pengane»».

Dette er ein av artiklane frå Dagbladet Press meiner gjer dei fortent til å vere nominert til Gullbarbie. Saka har ligge på framsida til Dagbladet.no lenge. Skjermdump: Dagbladet

Tidlegare «vinnarar» av Gullbarbie

2019: Victoria Secret

2018: Bik Bok

2017: Nettavisen

2016: Dagbladet

2015: Elevkalenderen, som vert delt ut til elevar ved skulestart

2014: Russekledeprodusenten Russedress

2013: Victoria’s Secret

2012: Klesmerket Jack & Jones

2011: Klesmerket Diesel