«Du gir tid til applikasjonane, ikkje venane dine»

Wout van der Wal
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Viss eg hadde spurt deg kva tid er, kva hadde du svara? Om eg fortalde deg at du kanskje aldri har gitt nokon tid, korleis hadde du reagert? I denne teksta skal eg gjere greie for kor lite tid ungdommar verkeleg gir kvarandre, og kvifor det er sånn.

Tida mi er verdifull. Eg må sjonglere skule, lekser, og fritidsaktivitetar. Eg gir tida mi til å spele piano og teater. Eg er også ovleg glad i å vere med venane mine. Høyrest ikkje det ideelt ut? Vel, det er ikkje heile sanninga.

Eg, lik mange andre ungdommar, gir tida mi til mobilen min. Eg brukar han for å holde meg oppdatert og for å bli underhalden. Men når eg er på telefonen min, er det verkeleg det tida mi går til?

Sosiale medium er oppretta for å gjere nett det; halde seg oppdatert med venane sine. I staden for har profilane dine på desse plattformene vorte statusen din og ansiktet ditt. Folk kjem til å ty til desse profilane for å finne ut kven du er, så du sørger for å ha den beste versjonen av deg sjølv på nettet.

Du legg ikkje ut eit bilete for å dele ein viktig del av livet ditt med venane dine, du legg det ut for å få flest likarklikk. I alt det bryet har den ekte meininga til plattformene forsvunne. Du gir tid til applikasjonane, ikkje venane dine.

Du gir tid til applikasjonane, ikkje venane dine.

Likevel så er alle kommentarar og likarklikk ei form for merksemd, og kvifor skal vi klage på at venane våre gir oss det? Dette er fordi den digitale merksemda du får, betyr ingenting. Eg har opplevd at folk kan vere erkefiendar, men framleis kommentere «Pena!» på alle bileta deira.

Eit likarlikk har mista betydninga si. Det betyr ikkje at du faktisk er glad i biletet som du ser, men det har vorte ei plikt å gi eit likarklikk. Kvar dag ser eg folk som liker absolutt alt i feeden deira. Dei scroller gjennom utan å i det heile teke sjå på sjølve bileta.

Dette fører til at folk gløymer å gi ekte tid til andre menneske. Etter å ha lagt igjen ein kommentar på det nye innlegget deira, er det jo ikkje nokre vits i å prate med dei på ekte? Du endar opp aleine heime med 200 likarklikk, utan nokon å vere med på laurdag kveld.

Du endar opp aleine heime med 200 likarklikk, utan nokon å vere med på laurdag kveld.

Den ekte grunnen til at folk ikkje gir tid er at dei trur at folk ikkje treng det. Du ser ein flott profil på Instagram, og tenkjer, «dei har alt», dei har venar, pengar og glede. Kvifor skal eg gi dei tid?

Dette kan til og med vere tilfellet for venane dine. Tenk at du veit at nokon går gjennom ein tøff periode, men etter å ikkje ha snakka med dei ei stund, ser du ein oppdatering på Instagram eller Snapchat, med eit bilete kor dei smiler og har det bra. «Så bra at dei har det betre,» tenkjer du. I røyndomen kan det hende at dei framleis lid like mykje, men berre ynskjer enda fleire likarklikk.

Eg foreslår ikkje at vi skal slette alle desse plattformene, men om vi ikkje greier å lære oss å skilje profilar frå menneske, bilete frå personlegdomar og statusar frå velferd, så kan vi aldri lære oss å gi ekte tid.

Bidraget til Wout van der Wal fekk heiderleg omtale i skrivekonkurranse til Framtida.no og Magasinett – «Gi tid!». Les dei andre bidraga i skrivekonkurransen «Gi tid»!

Har du noko på hjarte? Send til tips(a)framtida.no!