Faten (25) med talkshow på P3: – Me vil gje mikrofonen til dei som veks opp no

Faten Mahdi Al-Hussaini (25) leier det nye NRK P3-talkshowet «Chattes», der unge gjester skal diskutere tabutema.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sundag 26. januar var det premiere på det nye programmet på nett-TV, som kjem i fem episodar på 30 minutt.

– Vi kjem mellom anna til å ta opp temaet sex og kropp. Og ja, vi kjem heilt klart til å snakke om jomfruhinna, seier programleiar Faten Mahdi Al-Hussaini i ei pressemelding frå NRK.

Dei lovar høg temperatur, mykje galgenhumor og politisk ukorrektheit i det nye programmet.

Sjåarane kan styra programmet undervegs

I studio har ho med seg venene Hoda Abo Joaila (21) og Tariq Arshad (25). Dei skal diskutera tabu og universelle påstandar som ungdom er opptatte av. I første episode spør dei: Har vi alle rett på likestilling?

Undervegs og etterpå, kan sjåarane vera delaktige i programmet gjennom å kommentera eller stilla spørsmål via instagram-kontoen @chattes_p3, på Facebook eller på p3.no/chattes.

Skjermdump frå første episode av Chattes på NRK.

Vil gi ein ny generasjon ny førebilete

Faten Al-Hussaini håpar at talkshowet kan løfta fram fleire og yngre stemmer enn dei som vanlegvis kjem til orde i den offentlege debatten. Målet er å gi den neste generasjonen nokre nye førebilete.

– No vil me gje mikrofonen til dei som veks opp no og gi dei eit rom der dei kan seie kva dei tenker utan å vera redde for å seie det dei meiner, seier programleiar Al-Hussaini.

I programmet tek dei for seg temaa likestilling, rasisme, sex, psykisk helse og homofili.

Al-Hussaini er tidlegare kjend for NRK-programmet Faten tar valget, som vann pris for beste nyheits- eller aktualitetsprogram under Gullruten i 2018, og programmet Faten tar praten.

Siri og Faten utanfor Det Norske Teateret. Foto: Beate Haugtrø