Youtubar «Agnetesh»: – Altfor mange unge i Noreg som er einsame
Denne helga går nokre av Noregs største youtuberar saman mot einsemd og utanforskap blant barn og unge. Pengane frå SplayAksjonen går til Røde Kors.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er altfor mange unge i Noreg som er einsame. Eg synest eg det er viktig å slå eit slag for dette, seier Agnete Huseby, som er kjent som «Agnetesh» på YouTube i ei pressemelding frå Røde Kors.
Saman med kjente youtubarar som Amalie Olsen og Dennis Vareide er ho med på den aller første SplayAksjonen. Tema for aksjonen er «Saman for kvarandre»:
Samlar straumekreftene
Laurdag 7. og søndag 8. samlast Youtuberar frå nettverket Splay for å utfordra kvarandre på juleverkstad, challenges og gaming, samstundes som dei samlar inn pengar til saka.
– Vi veit kor mykje engasjement éin enkelt YouTube-kanal kan skape, og då kan ein berre tenke seg kva vi klarer når vi samlar oss, seier «Agnetesh» i pressemeldinga.
Aksjonen er eit samarbeid mellom Splay, som er Noregs største YouTube-nettverk, og Røde Kors. Pengane som blir samla inn, går til Røde Kors-aktivitetane Fellesverket og Kors på Halsen, som er ei anonym telefon- og chatteteneste for dei under 18 år.
- Les også: – Einsemd er like farleg som usunn mat
Røde Kors: – Viktig for å opne samtalen
Øyvind Stedal, programdirektør for barn og unge i Røde Kors, seier at dei møter stadig fleire unge som føler på einsemd.
– Denne kjensla er det mange som berer på som ein vond hemmelegheit. Samarbeidet med Splay om denne juleaksjonen er viktig for å opne samtalen rundt tematikk og minske tabuet rundt noko som alle har kjent på og som plagar stadig fleire, sier Stedal i pressemeldinga.
Youtuberane er allereie godt i gang med aksjonen i sine kanalar og på Instagram kjem dei med nokre eigne tips mot einsemd: