Listhaug tar avstand frå hatmeldingar mot NRK-programleiar: – Faten er først og fremst ei jente

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 19.12.2017 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Listhaug: – Faten er først og fremst ei jente

– Det er ikkje akseptabelt at unge jenter får hatmeldingar og blir trakasserte for å ha på hijab, skriv innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) på Facebook i dag.

Innlegget kjem som ein respons på at politisk redaktør i Aftenposten, Trine Eilertsen, har oppmoda Sylvi Listhaug om å ta avstand frå hatet mot NRK-programleiar Faten Mahdi Al-Hussaini (22).

– Uansett kva ho har på hovudet, eller kva slags uttalar ho har kome med før, er Faten først og fremst ei jente, held Listhaug fram.

Klagestorm

Sylvi Listhaug er innvandrings- og integreringsminister. Foto: Justis- og beredskapsdepartementet.

NRK har tatt imot ein klagestorm utan like etter at Al-Hussaini blei annonsert som programleiar i «Faten tar valget», med premiere seinare denne månaden.

22-åringen blei først kjent i den norske ålmenta etter eit flammande oppgjer med ekstrem islamisme og terrorgruppa IS framfor Stortinget i 2014. Seinare har ho mellom anna vore med og stifta organisasjonen JustUnity, som skal førebyggja ekstremisme.

No blir norske TV-sjåarar provoserte fordi NRK lar henne ha hijab på skjermen i programmet som skal få fleire unge interesserte i stortingsvalet. Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen har reagert på dei over 3.000 klagene, og seier til Aftenposten at mange av epostane er hatefulle.

– Kvinneundertrykkande plagg

Listhaug understrekar i innlegget sitt at ho «forstår at folk reagerer på» at NRK let ein programleiar bruka hijab samstundes som eit nyhendeanker tidlegare ikkje har fått bera kors, men seier at det ikkje er hennar oppgåve å styra NRK. Ho legg også til at ho meiner barnehijab, niqab og burka er kvinneundertrykkande plagg som burde vore forbode.

– Det betyr ikkje at hatmeldingar er greitt, slår ho fast.