Mannen bak Tinder i gamledager

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det byrja med at eg kikka på gamle kontaktannonsar. Eg tenkte at her var det moglegheit til å gjere noko som ikkje hadde blitt gjort før. Det blei ein liten hobby å spreie desse annonsane. I første omgang brukte eg Instagram, fordi eg opplevde det som den enklaste måten å få dei ut til folk på. Utan at eg promoterte eller marknadsførte begynte eg å få følgjarar og mange viste interesse, seier Eirik Lande.

Han er mannen bak Instagram-kontoen «Tinder i gamledager» og har òg gitt ut to bøker med same namn. Lande deler der gamle kontaktannonsar med humoristisk innhald.

– Sidan formatet var så strengt, fekk dei færraste det til på ein god måte, og mange av annonsane blir difor humoristiske. Sidan Tinder er den moderne ekvivalenten til kontaktannonsen, blei det naturleg å trekke inn den moderne sjekkeappen som ein del av namnet, fortel han.

Har lese 40.000 annonsar

Kontaktannonsen hadde stordomstida si på 70- og 80-talet. Lande fortel at materialet han legg ut, blei publisert i ulike aviser og tidsskrift frå 60- til 90-talet.

– Eg har så langt lese om lag 40.000 annonsar. For kvar annonse som er god nok til å legge ut, les eg cirka 100 annonsar, fortel forfattar Lande.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

En strikkende bodybuilder byr opp til dans i Østfold

Et innlegg delt av Eirik Lande (@tinder_i_gamledager)

 I arbeidet med Instagram-kontoen og bøkene har han òg oppdaga skilnader i kva type annonsar som stod på trykk i ulike magasin.

– Eit magasin eg har funne mange av annonsane i, er bladet Romantikk, som var eit ungjente-blad. I annonsane der var det ofte mjukt innhald. Eit anna blad eg har leita mykje i, er herremagasinet Aktuell Rapport. Der var det òg mange kontaktannonsar, men dei var jamt over ein god del grovare i språket enn dei i Romantikk, seier Lande.

Bønder, raudt hår og poesi

I annonsane Lande vel ut, er det mykje forskjellig innhald. Det viser òg att i bøkene, som er delt inn i kapittel med ulike sjangeroverskrifter. Til dømes har eit kapittel namnet «Bonderomantikk», eit anna har namnet «Poeter» og eit «Hud og hår».

– Det er i utgangspunktet utfordrande å kategorisere annonsane. I utgangspunktet står dei jo hulter til bulter. Likevel finn eg ein del fellestrekk og kan slik dele dei inn i bolkar. Til dømes var det mange bønder som skreiv kontaktannonsar. Det er jo på ein måte naturleg sidan dei ikkje har moglegheit til å flytte for å finne nokon å dele livet med, fortel forfattaren og legg til:

– Andre kategoriar har oppstått fordi dei er rare. Eit døme på det er annonsane som ber om spesielle kroppslege trekk, til dømes sterkt ønske om at partnar har raudt hår eller sterkt ønske om at partnar ikkje skal ha raudt hår.

Sjølv synest Lande det er utfordrande å velje ut ein favorittannonse.

– Eg har fleire hundre favorittar. Det er vanskeleg å velje ein, konkluderer han.

Vil ha kontakt med opphavet

Trass i at Lande har posta fleire hundre kontaktannonsar på Instagram og ein stor del av dei òg har fått plass i bøkene, har han framleis ikkje blitt kontakta av nokon av dei som står bak annonsane.

– Eg har fått tilbakemelding frå folk som kjenner til menneske som har møttest gjennom kontaktannonsar. Det er veldig hyggeleg å høyre om, og slike historier vil eg veldig gjerne ha fleire av. Men eg har ikkje høyrt noko frå dei som er menneska bak annonsane eg har publisert, fortel han.

– Eg håpar nokon tar kontakt etter kvart, legg han til som ei oppfordring.

Likar å jobbe med humor

Lande jobbar fast på Haukeland sjukehus og så langt har arbeidet med «Tinder i gamledager» gått føre seg på fritida. Han er likevel ikkje negativ til å gjere hobbyen om til fulltidsjobb.

Omslagsfoto til boka “Tinder i gamledager” av Eirik Lande. Foto: Spartacus forlag

– Det hadde vore veldig gøy. Det er ein spennande tanke i alle fall. Eg vil tru det er rundt 90.000 annonsar igjen å lese, så det er i alle fall eit godt grunnlag for meir «Tinder i gamledager», seier Lande.

Førebels er det ingen konkrete planar om nye bokprosjekt.

– Akkurat no er eg i eit slags mellomstadium. Det er eit år sidan første bok kom ut, så det har jo gått relativt fort med dei to første. Eg kjem til å halde Instagram-profilen gåande, og i tillegg skal eg halde nokre foredrag om prosjektet. Så får vi sjå kva tida bringar.

– Eg trivst godt med dette. Eg likar å jobbe med humor, avsluttar forfattaren.

49 av 210 personar svarte på spørsmålet: «Når grein du sist?»