Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Anne-Marie Søndergaard Christensen. Foto: SDU

– Behovet for å bli sett botnar i eit ynskje om å bli elska. Me trur at sjølviscenesetting er avgjerande for at nokon skal kunne elska oss. Men det er ei enorm misforståing, seier Anne-Marie Søndergaard Christensen til Forskning.no.

Filosofen meiner vi konstruerer eit bilete av oss sjølve for å få flest mogeleg likes og matchar på sosiale medium og datingplattformar. Det er ikkje nødvendigvis heldig om ein vil finne kjærleiken.

Christensen er førsteamanuensis i filosofi ved Syddansk Universitets Institut for Kulturvidenskaber, og er ein av forskarane bak konferansen «Love Etc».

Skaper avstand i staden for nærleik

På konferansen presenterer forskarar frå fleire ulike land, tolkingar av korleis det moderne menneske ser på kjærleik.

Christensen meiner nettkulturen fører til at ein trur at ein kan sikra seg kjærleik, dersom ein berre presenterer seg på ein bestemt måte.

I tillegg meiner ho at datingappar og sosiale medium øydelegg for nære relasjonar.

– I staden for for å bringe oss nærare andre menneske, får datingappar og sosiale medium oss lenger vekk frå kvarandre, for det handlar heile tida om å posisjonera seg og redigera sjølvbildet. Det blir eit veldig egosentrisk prosjekt som skapar avstand i staden for for nærleik, seier ho.

Har du funne kjærleiken på Tinder?

Har du funne kjærleiken på Tinder?

Ja og me er framleis ilag!8
Ja, men det er over.2
Nei, men har prøvd.16
Nei, har aldri hatt Tinder.33
Svar totalt: 59

Tinder gir glede – utan at du treng møta nokon

Den italienske sosiologen Carolina Bandinelli var også med på konferansen, og la fram si hypotese.

Ho trur at suksessen til Tinder først og fremst er at den gir ein kortvarig sjølvtillitsboost.

Carolina Bandinelli. Foto: Privat

– Ein av dei viktigaste funksjonane ved datingappar som Tinder er at dei matchar folk. Dei eg har snakka med, seier at ein match får dei til å føla seg meir attraktive, i alle fall i nokre sekund, seier Bandinelli ifølgje Forskning.no.

Bandinelle si hypotese går ut på at kjærleik og parforhold er blitt noko som følest som press eller ein prestasjon.

Det å møtast i røynda er risikofylt, medan det å matcha på Tinder er risikofritt.

Ho trur difor årsaka til at Tinder blir brukt så mykje, er at appen slår to fluger i ein smekk: Ein får kjensla av å verte sett og at ein er attraktiv, samstundes som ein ikkje treng bruka energi og tid på å møtast.

49 av 210 personar svarte på spørsmålet: «Når grein du sist?»