Forskarar stiller dommedagsklokka – 100 sekund til midnatt
Manglande klimahandling og samanbrot av atomavtalar fører til at «dommedagsklokka» flyttar visarane nærare midnatt enn nokon gong før.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Verda har gått inn i sfæren til tominutts-åtvaringa, ei periode der faren er høg og rommet for å gjere feil lite.
Det sa Rachel Bronson, president og dagleg leiar for organisasjonen Bulletin of the Atomic Scientists torsdag.
Då flytte organisasjonen visarane på «dommedagsklokka» til 100 sekund før midnatt.
Aldri før har den symbolske klokka synt at dommedag kan vere så nært føreståande, sjølv ikkje i 1953 då både USA og Sovjetunionen hadde testa hydrogenbomber og frykta for atomkrig prega verda.
– Styremedlemmane åtvarar leiarar og borgarar verda over om at den internasjonale sikkerheitssituasjonen no er meir farleg enn den noko sinne har vore, sjølv under høgda av den kalde krigen, skriv organisasjonen i utsegnet.
Frå 17 minutt til 100 sekund
Sidan 1947 har Bulletin of the Atomic Scientists drive ei «dommedagsklokke» som viser sannsynet for ei menneskeskapt global katastrofe, der midnatt symboliserer katastrofepunktet.
Kvart år oppdaterer organisasjonen tidspunktet på klokka. Lengst unna dommedag var verda i 1991, då den kalde krigen tok slutt og optimismen var høg. Då synte klokka at det var 17 minutt til midnatt.
Sidan då har visarane berre krype nærare og nærare midnatt.
- Er du budd på krise? Dette er sjekklista styresmaktene leverte ut.
– Katastrofe før heller enn seinare
Organisasjonen framhevar særleg to eksistensielle trugslar – atomkrig og klimaendringar – og kritiserer makteliten i verda for å ikkje svare på korkje av dei.
Dei siste to åra har leiarane forkasta internasjonale avtalar til fordel for sine eigne snevre interesser og politisk vinst i heimlandet, sa Bronson.
– Leiarar har hjelpe til å skape ein situasjon som vil, om den ikkje vert svara på, føre til katastrofe før heller enn seinare.
Organisasjonen understreka at kvart sekund no tel, og manar verdsleiarane til å ta denne åtvaringa på alvor. Det tyder at alle land igjen bør forplikte seg til nedrustingsavtala, atomavtala med Iran og Paris-avtala.
– Om verdsleiarane held fram med å ikkje handle, bør borgarar over heile verda med rette spørje som klimaaktivist Greta Thunberg: «Korleis vågar de?», sa Bronson.