Vulkanutbrot på Filippinene og politisk jordskjelv i Russland – sjå veka i bilete

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka vakna Taal-vulkanen sør på Filippinane til liv. Tusenvis av menneske måtte evakuere frå heimane sine, som vart dekte av eit tjukt lag med oske.

Mange turistar har vore oskefaste og lokale måtte reise frå heimane sine då vulkanen Taal, som ligg på ei øy sør for den filippinske hovudstaden Manila. (AP Photo/Aaron Favila)

Ifølgje VG er Taal-vulkanen den nest mest aktive vulkanen på Filippinane. Vulkanen ligg på ei øy i ein innsjø omlag 66 kilometer sør for hovudstaden Manila.

Ny statsminister i Russland

Russlands president Vladimir Putin slapp ei politisk bombe denne veka då han føreslo å flytte meir av makta frå presidenten til statsministeren og nasjonalforsamlinga.

Statsminister Dimitrij Medvedev tok med seg regjeringa og gjekk av utan å mukke for å gje Putin høve til å gjennomføre endringane.

I Russland er presidenten den som utpeikar statsministeren og Putin lanserte skattedirektør Mikhail Misjustin som ny statsministerkandidat:

Onsdag 15. januar utpeikte russlands president Vladimir Putin (til venstre) skattedirektør Mikhail Misjustin (53) til ny statsminister. Foto: Alexei Nikolsky, Sputnik, Kremlin Pool Photo via AP

Ei av endringane Putin føreslo er at nasjonalforsamlinga skal få makt til å utpeike statsministeren.

I 2024 har Putin sitte så lenge med makta at han må gå av. Ekspertar meiner endringane er ein del av Putin sitt spel for å sikre at hans etterfølgjar får mindre makt. Nokre spekulerer også i om Putin då vil bli statsminister.

Hanekamp i India

Denne veka har det vore hanekamp i Jagiroad, India. Dette er del av festivalen Jonbeel Mela:

Ein gut ropar for å heia på hanen sin under ein hanekamp i India. Fredag 17. januar 2020. (Foto: AP Photo/Anupam Nath)

Hundrevis av indiske stammesamfunn som Tiwa, Karbi, Khasi og Jaintia samlar seg frå sine heimar i dei omkringliggande åsane for å ta del i festivalen. Der er det samhald og utveksling av varer gjennom eit gamalt bytesystem i staden for pengar.

Demokratisk feide

Tysdag vart det høg temperatur i studio etter den tv-sende debatten mellom politikarane som knivast om å bli demokratane sin presidentkandidat.

Elizabeth Warren hevdar Bernie Sanders (lengst til høgre) har sagt at han ikkje trur ei kvinne kan vinne presidentvervet, noko Sanders nektar for.

Senator for Massachusetts, Elizabeth Warren, saman med dei andre demokratane Tom Steyer (til venstre), tidlegare visepresident Joe Biden og Bernie Sanders, som er senator for Vermont. Tysdag møttest dei for politisk debatt på CNN. Foto: AP Photo/Patrick Semansky

Etter debatten konfronterte Warren Sanders med: «Eg trur du kalla meg ein løgnar på riksdekkjande tv», medan Sanders svara med at Warren kalla han ein løgnar.

Då Sanders rekte ut handa til Warren etter debatten lot ho han henge.

Trump vs. Iran

Denne veka leia Irans øvste leiar, ayatollah Ali Khamenei, fredagsbøna i Teheran for fyrste gong på åtte år. Ayatollaen nytta høve til å kalla Donald Trump ein «klovn».

Ayatollah Ali Khamenei nytta fredagsbøna til å kritisera den amerikanske presidenten, Donald Trump. Foto: Office of the Iranian Supreme Leader via AP

Kjæledyr-velsigning

Denne veka har det vore feiring av Anthony den Store, skytshelgenen for dyr.

Dyr av alle slag vart tekne med til kyrkje i Spania, der dei vart velsigna av prestar for å feira dagen:

Ein prest salvar ei rotte i kyrkja San Anton, i Madrid 17. januar 2020. (Foto: AP Photo/Manu Fernandez)

Kvelden før rir mange hundre personar gjennom gatene i San Bartolome for å markera «Luminaras». Det er ein over 500 år gamal tradisjon, meint til å reinsa dyra med røyk frå bål og beskytta dei i året som kjem.

Ein mann rir hesten gjennom eit bål, for å heidra Antonius den Store, i San Bartolome de Pinares. 16. januar 2020. (Foto: AP Photo/Manu Fernandez)

Billie «Bond» Eilish

For å letta litt på stemninga flyr me attende til USA der Billie Eilish (18) har avslørt nyheita om at ho lagar den nye Bond-låta.

Ho har ikkje «license to kill», men musikken hennar er uansett dødskul.

18 år gamle Billie Eilish har laga Bond-låten til  «No time to die», som er den 25 filmen om agent 007. Foto: Jordan Strauss/Invision/AP, File

Håp i Australia

Denne veka fekk australsk brannvesen endeleg kontroll over skogbrannane som har herja landet dei tre siste månadane. BBC Wheather kom også med gladmeldinga om at det regna i delstaten New South Wales, som har vorte aller hardast råka.

Torsdag 16. januar vart dette friske skotet fotografert nær Nattai, Australia. Brannane som har herja sidan september har kravd både menneskeliv, øydelagd tusenvis av heimar og meir enn 10.3 million hektar landområde. Foto: AP Photo/Rick Rycroft, File