Fleire blir tatt utan billett på bussen
Fleire enn før får gebyr for å reise med buss utan billett. Oftare kontrollar, «sladring» og nye metodar er noko av forklaringa, fortel NRK.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kollektivselskapa i Kristiansand, Bergen, Trondheim og Tromsø har skrive ut mange fleire gebyr i 2019 samanlikna med 2018.
Det er altså ikkje like trygt som før å snike til seg gratis skyss.
Ruter AS i Oslo vil ikkje offentleggjere tal til NRK verken på kontrollar eller gebyr.

- Les også: Buss med solpanel på taket blir testa ut
Fleire kontrollar
I tillegg til at fleire personar vert ferska i å snike på bussen, er det også fleire kontrollar dei fleste stadene. Unntaka er Stavanger og Tromsø. Men trass i ein stor nedgang i talet på kontrollar, har mengda gebyr meir enn dobla seg i Tromsø.
Dagleg leiar i Tromsø fylkestrafikk Kurt Bones fortel at det kjem av meir bestemte kontrollar.
– Vi er meir målretta når det gjeld kvar vi kontrollerer. Eg trur ikkje fleire snik seg på bussen enn tidlegare, seier han.

Meir sniking gjennom bakdøra
I Kristiansand opplevde Agder kollektivtrafikk (AKT) ein auke i sniking då Boreal overtok bussdrifta sommaren 2018. Då opna selskapet for at passasjerar kunne bruke bakdøra for å gå på bussen.

No er det derimot innført billettsjekk med to kontrollørar. Ein går inn framme, medan den andre går inn bakdøra. Dermed kan ikkje dei utan billett gå av bussen før dei er kontrollerte.
– Vi har fleire kontrollar enn tidlegare. Vi har også passasjerar som tipsar oss om stader det går føre seg mykje sniking, fortel kommunikasjonssjef i AKT, Terje Mathisen, til NRK.