Rapport: Oljeindustrien investerer mindre enn 1 prosent i grøn energi

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ei forplikting frå olje- og gasselskapa til å levere reint drivstoff til forbrukarane i verda er avgjerande for utsiktene til å redusere utslepp, heiter det i rapporten frå IEA måndag.

Ekspertane blir stadig meir bekymra over moglegheita til å oppnå målet nedfelt i Parisavtalen om å avgrense den globale oppvarminga til under 2 grader.

Må gjere meir

I rapporten kjem det fram at IEA fann få teikn til store endringar i investeringane til olje- og gasselskapa, kor mindre enn 1 prosent av dei totale kapitalutgiftene utanfor kjerneverksemdene deira har gått til rein energi.

Vidare heiter det at leiande firma innan industrien dedikerer rundt fem prosent av dei totale investeringane sine til prosjekt utanfor olje- og gassverksemd, for det meste til sol- og vindprosjekt.

– Ei mykje større endring i den samla kapitalfordelinga er naudsynt for å fremje energiovergangar, fastslår rapporten som meiner at industrien kan gjere mykje meir for å svare på trusselen om klimaendringar.

15 prosent frå olje og gass

Det inkluderer meir enn å investere i reine kjelder, då rundt 15 prosent av dei globale energirelaterte utsleppa frå drivhus kjem frå olje- og gass ut frå bakken og til forbrukarane, heiter det.

– Det er mange kostnadseffektive moglegheiter for å få ned utsleppsintensiteten ved å produsere og levere olje og gass, til dømes ved å redusere metanlekkasjar, meiner IEA.

Eit byte til rein elektrisitetsproduksjon vil heller ikkje tilfredsstille energibehovet i verda, åtvarar rapporten.

– Det er òg viktig for selskap å auke investeringane i lågkarbonhydrogen, biogass og avansert biodrivstoff då desse kan gi fordelar til energisystemet ved hydrokarbon utan netto karbonutslepp, skriv IEA.

Investeringar i desse drivstoffa med lågt karboninnhald må raskt auke til rundt 15 prosent for ein rask overgang i energisektoren, blir det slått fast.

Solcelleanlegg på Bali. Solenergi vert den viktigaste energikjelda i 2050, ifølgje ny rapport. Foto: Selamat Mad/Flickr/CC BY 4.0