Då eg var 20: Dag O. Hessen var opptatt av naturvern og såg optimistisk på framtida

I dag meiner kjendisbiologen det ikkje er like stor grunn til ein slik «naiv optimisme».

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.06.2020 09:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Obs: Intervjet vart gjort før koronakrisa var eit faktum i Noreg. På grunn av korona har lanseringsarrangementet vorte avlyst, men erstatta av eit Facebook-føredrag torsdag kl 20.00.

Lenge før det vart eit ideal at forskarar skulle gjere kunnskapen sin tilgjengeleg for folk utanfor fagdisiplinen sin fekk Dag O. Hessen (63) Norges forskningsråds formidlingspris for si «popularisering og formidling både i mediene og i bokform av en naturvitenskapelig, evolusjonsbiologisk teori og tankegang som premissbidrag til samfunnsdebatten».

Du hugsar han kanskje som ein del av ekspertpanelet på det populærvitskaplege programmet Lyngbø og Hærlands Big Bang, eller du har sett han på Nytt på Nytt eller Hjernevask.

Eller har du kanskje nistira på denne videoen i førekant av biologieksamen?

Biologiprofessoren er ikkje den som sit inne med kunnskap og i år vert bibliografien utvida igjen med Verden på vippepunktet, der han tek for seg stoda for klimaet.

Kor var du då du var 20?

Då er vi tilbake i urtida, i 1976, og eg er i militæret, nærare bestemt Setermoen i indre Troms. Den gang var militæret noko ein måtte gjennom, men eg hadde eigentlig ikkje så mykje i mot eitt år med mykje mindre skule og meir natur (riktig nok ein del frysing i knappetelt på øvingar midtvinters).

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Kvardagen i miltæret var ikkje all verda å skrive om, men det eg hadde mest glede av var helger kor vi anten fekk fri for å dra på fiske eller jakt i villmarka i indre Troms eller ute ved kysten – mykje flotte naturopplevingar – og innimellom helgeperm til Tromsø og heftige festar.

Hugsar du kva som skjedde?

For å være ærlig: nei. Men eit raskt google-søk viser at statsminister Bratteli blei erstatta av Oddvar Nordli dette året, medan Jimmi Carter blei president i USA, at Viking 1 landar på Mars, og at dette også var eit år med både flodbølgjer og skogbrannar.

Statsminister Odvar Nordli deltek på Stortingsrepresentantenes Holmenkollrenn i 1976. Foto: Oddvar Walle Jensen NTB / Scanpix

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg har alltid lese alt eg kom over av bøker, og det fortsette eg med også som vaksen. Dette var jo før dataens tid, internett var ikkje oppfunne, ingen hadde mobiltelefon (eller ante at det ville kome), og det var rett og slett mykje meir tid til å lese – og tenke.

Eg har ofte lurt på kva livet ville blitt om eg hadde vakse opp med ein skjerm foran nasen, slik min yngste son på 19 har gjort. Eg trur livet ville vore, og kanskje blitt, ganske annleis.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Nei, jeg hugsar 18-årsdagen for då var vi for første gong på utanlandstur og eg bada i Garda-sjøen på 18-årsdagen. Det føltest magisk.

Eg kan likevel hugse at eg tenkte at no er ten-åra over!

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Kanskje mitt sterkaste minne var sommaren då eg var 17, og eg og ein kamerat gjekk åleine gjennom Jotunheimen gjennom fleire dagar, med noko slags heimelaga utstyr og den billigaste provianten vi kunne få tak i. På turen var vi oppom fleire toppar på over 2000 meter, og den gongen kjentest det ganske tøft – nesten ein skikkeleg ekspedisjon.

Då eg var 20 var slike turar ikkje så nytt lenger, men dette var elles det første året eg fekk meg kjærast på alvor, og ho hugsar eg godt – sjølv om det ikkje varte så lenge.

Visste du kva du skulle bli i livet?

Ja, faktisk. I alle fall nesten. Eg var glad i naturfag, og hadde mest lyst til å bli biolog, men vurderte også å studere medisin. Uansett, jeg skulle begynne på studier rett etter militæret, og det blei biologi. Det har eg ikkje angra på.

Petter Bøckman i Hæren i 1988 og i 2019: – Sjølv eg har vore ung ein gong (tydelegvis). Foto: Privat

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Ja, eg var opptatt av naturvern, også frå lenge før eg blei 20. Saman med nokre kameratar starta vi Lillehammer Natur og Ungdom som 18-åringar, og eg var opptatt av ei framtid der eg kunne bidra positivt til verda på ein eller annan måte. Eg såg også veldig optimistisk på framtida og tenkte at vidunderlege nye oppfinningar ville skje.

Det har jo for så vidt stemt, men det er nok likevel mindre grunn til ein slik naiv optimisme i dag.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Tja, sei det. Eg ville nok kjent meg igjen i tankar og ønskjer. Eg trur mykje av personlegdomen er sett når ein er 20, sjølv om ein sjølvsagt vert påverka av val i livet, kven ein møter, familie, vener, hell og uhell… Likevel, eg ville klart å kjenne meg igjen, og samtidig tenkt: så heldig du er som er ung og har heile livet framfor deg.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Vel, eg har vore så heldig her i livet at eg trur ganske enkelt eg ville gitt råd om å velje slik eg faktisk har gjort, for det har i alle fall gitt meg eit godt liv. Eg trur generelt at eit godt råd er å søke etter meining med livet gjennom det ein gjer, det har i alle fall vore ei slags rettesnor for meg. Og så må ein syte for at livet er litt morosamt også.

Foto til venstre: Kjetil Ree/Wikimdia Commons/CC BY-SA 3.0. Foto til høgre: Privat