Lokalvalet gav kvinnerekord

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Delen kvinnelege ordførarar har meir enn fordobla seg dei siste 20 åra, ifølgje statistikkbyrået. No er 35 prosent av ordførarane i landet er kvinner.

I kommunestyra er det no 40,5 prosent kvinnelege politikarar, ein framgang på 1,5 prosentpoeng sidan førre val.

32 kommunestyre har kvinnefleirtal

I 32 kommunar er det attpåtil eit fleirtal av kvinner. Det er òg rekordhøg kvinnedel i formannskapa.

Sjølv om Arbeidarpartiet gjekk tilbake i kommunevalet, er det framleis dette partiet som har flest representantar og ordførarar. Senterpartiet har nest flest ordførarar.

Gruppa menn mellom 40 og 70 år er overrepresenterte i kommunestyra samanlikna med delen dei utgjer i veljarmassen. 25 prosent av dei røysteføre er menn i denne aldersgruppa, men over 40 prosent av representantane høyrer til denne kategorien.

Tre prosent med innvandrarbakgrunn

Menn under 40 år som ikkje har fullført vidaregåande skule, er underrepresenterte. Det er òg i denne gruppa at valdeltakinga er lågast.

SSB-statistikken viser at delen representantar med innvandrarbakgrunn er omtrent den same som etter førre val. 3 prosent av kommunestyrerepresentantane er anten innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre.

Les også: Sara (26) vert tidenes yngste kvinnelege ordførar i Noreg: – Når ein ser at det er ordførarar som er både 21 og 22 år gamle, så overraskar det meg litt

Kvelden torsdag 12. september 2019 fekk Sara Sekkingstad telefonen om at ho vart ordførar i nye Alver kommune. Foto: Privat