Personrøyster hindra kvinner frå plass i kommunestyret
I Hordaland vart fem kvinner hindra frå plass i kommunestyra på grunn av personrøyster. Desse røystene kan avgjere kven som får plass i styret.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ein gjennomgang frå NRK viser at fleire kvinner enn menn har vorte stemt ut av kommunestyra i kommunane i Hordaland. Tendensen er svært tydeleg i Alver, Bjørnafjorden, Ullensvang, Voss og Øygarden.
Personrøystene kan avgjere kva politikarar som kjem inn, og kan skyve ein kandidat ut av styret.
– Ikkje medviten diskriminering
Signe Bock Segaard forskar på representasjon i politikken og er ikkje overraska over funna, men seier det ikkje er medviten diskriminering.
– Når veljarane gir ei personrøyst eller ein slengar, blir kvinnene taparar. Vi trur ikkje det ligg medviten diskriminering bak dette, men i lokalpolitikken er det mange omsyn å ta, som geografi, erfaring eller kven veljaren kjenner, seier ho.