KrFU sin nye leiar: – Noreg treng ungdomar som tør å utfordre status quo

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mine personlege hjartesaker er å få til ein mindre polarisert samfunnsdebatt så vi heller kan fokusere på løysingar, generasjonsrettferd og klimasaka, fortel Edel-Marie Haukland på e-post til Framtida.no.

Bodøværingen legg til at også distriktsperspektivet, barnas beste og psykisk helse kjem høgt på lista.

Førre helg vart Edel-Marie Haukland vald til ny leiar for Kristeleg Folkepartis Ungdom. Ho tek over etter Martine Tønnessen, som har hatt vervet i to år.

22-åringen har følgd Tønnessen både som fylkesleiar og nestleiar i partiet, og har såleis lært mykje av forgjengaren.

– Det vert nok ikkje ei heilomvendig i organisasjonen, men eg kan gjere leiarvervet til mitt, og finne min plass og kondis i jobben, fortel Haukland.

Hjartet fullt av omsorg og hovudet fullt av argument

– Kvifor er det bruk for KrFU i Noreg?

– Noreg treng eit parti som løftar vanskelege etiske debattar, tek klima- og ulikskapsproblematikk på alvor og som ikkje er redde for å stå for det vi meiner er riktig, om det så er aldri så upopulært, svarar Haukland.

22-åringen fortel at det ikkje finst noko parti som er som KrF eller KrFU. Dei er eit verdiorientert sentrumsparti, med den kristendemokratiske ideologien som retningsgjevar.

– Noreg treng ungdomar som tør å utfordre status quo eller etablerte sanningar, med hjarta fulle av omsorg for sine medmenneske og hovuda fulle av sakleg argumentasjon. Dei finn du i KrFU.

Nynorskløft i KrFU

– Kva var dei viktigaste vedtaka som vart gjort på landsmøtet dykkar?

– Blant dei viktigaste vedtaka var mellom anna utfasing av olje innan 2035, og ein styrt overgang til fornybar energi, ei opprusting av forsvaret og mål om to prosent av BNI til bistand, kor halvparten er øyremerkt til klimatilpassing. Vi ynskjer å satse på kjernekraft, grøne næringar og forsking, fortel Haukland.

Samstundes viser ho til at KrFU ynskjer å halde fram med karakter i hovud- og sidemål, styrke nynorskundervisinga i lærarutdanninga, ha meir nynorsk i barnehagen, og sørgje for at nynorsk ikkje vert gløymt i den digitale skulen.

Det innber at læremiddel, kontorstøtteprogram og operativsystem som vert brukte kjem både på nynorsk og på bokmål.

Samstundes vil partiet gjere det enklare å klage om lærebøker ikjke vert tilgjengelege på hovudmålet til elevane.

– Vi var så fornøgde med språkpolitikken at vi vedtok at manifestet skulle omsetjast til nynorsk! skriv den nyvalde KrFU-leiaren.

Vil bety ein positiv forskjell i verda

Edel-Marie Haukland fortel at engasjementet hennar stammar frå ein djup rettferdssans, eit kristent livssyn med radikal nestekjærleik som grunnlag, samt eit ynskje om å bety ein positiv forskjell i verda.

– Engasjementet har vorte ivareteke i KrFU ved at eg både har sett at innsatsen faktisk får resultat, spesielt no i regjering, og ved at eg er med i eit ungdomsparti med god ueinigheitskultur, gode vennskap og eit felles mål: Meir nestekjærleik, menneskeverd og forvaltaransvar i maktens korridorar.

– Korleis kan ein sikra at meiningane og problema til ungdom når fram til dei som styrer?

– For det første er det viktig at unge har ein arena kor dei vert høyrde og tekne på alvor, forklarar KrFU-leiaren.

Ho understreker at dette spesielt gjeld for dei under 18 år, som enno ikkje har stemmerett. Det lyt ungdomspartia vere medvitne om:

– Ungdomspartia har eit ansvar for å ha ein kultur og vere lågterskel for dei under 18, for dei har mykje makt inn mot moderpartia. Å engasjere seg i organisasjonslivet om ein har ei hjartesak er kjempelurt, for då slepp ein slite seg ut åleine.

 

Simen Bondevik trur ungdom i dag er meir engasjerte i dag enn før: – Med klimastreik og engasjement så trur eg born har fått opp augene for at politiske vedtak påverkar kvardagen vår.

Edel-Marie Haukland

Alder: 22
Frå: Bodø
Yrke: Leiar i KrFU
Favorittfag på skulen: Norsk, samfunnsfag, religion og historie. Mykje avhengig av læraren i faget!
Verv: Ymse verv i KrFU lokalt og nasjonalt, representant i Bodø Ungdomsråd og elevrådsrepresentant.
Organisasjonar/parti: Har alltid vore KrF og KrFU for min del. Har vore med i fleire kristne og politiske organisasjonar, men i dag er eg medlem av Changemaker, Norges Kristelige Studentforbund, Natur og Ungdom, Europeisk Ungdom, Menneskeverd, og sjølvsagt Norsk Målungdom.
No vart hobbyen min akkurat jobben min, så er på jakt etter ny hobby! Plantestell, litteratur og å vere nær havet er høgt oppe på lista.