Naturvernarar slåst mot fleire vindmøller

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Turistforeininga, med sine 315.000 medlemmer, kjempar saman med Naturvernsforbundet og fleire andre for å få styresmaktene til å redusere tempoet og omfanget av vindkraftutbygginga i Noreg, skriv Dagens Næringsliv.

Halve Noregs landareal

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er for tida i ferd med å lage ei nasjonal ramme for vindkraft i Noreg som skal vere klar 1. april. NVE ser på 43 område landet over, som samla dekkjer 190.000 kvadratkilometer, halve Noregs landareal.

– Vi er bekymra for omfanget. Det er altfor store areal som blir sett på som aktuelle. Vi er bekymra for at kriteria ikkje er strenge nok. Delar av områda ein no ser på, er urørte naturområde langs kysten og på fjellet. Det vil skape store konfliktar med natur- og friluftsinteressene, seier generalsekretær Maren Esmark i Naturvernsforbundet til Dagens Næringsliv.

– Vi har ikkje så mykje intakt natur igjen, berre 12 prosent av landarealet. Villmark utgjer to prosent. Ein har ingen angrefrist, seier styreleiar Per Hanasand i Den Norske Turistforening.

– Ikkje er det mange arbeidsplassar. Ikkje treng vi straumen. Ikkje er det norske leveransar, seier han til DN.

Les også: – Nordmenn er redde for å miste naturopplevingar

Vil finne tydeleg skilje

– Vi er ute etter å finne eit tydeleg skilje mellom område som er eigna og mindre eigna for vindkraftutbyggingar, seier Erlend Bjerkestrand i NVE, prosjektleiar for nasjonal ramme for vindkraft på land.

Det statlege nettselskapet Statnett trur vindkraftutbyggingane kan gi grunnlag for å fullelektrifisere Noreg, det vil seie fjerne bruken av fossile brensel og drivstoff.

Les også: Vindkraft på ope hav kan dekkje alt straumbehov