Skriv du fort nok til å tekste for NRK? Ta testen!

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Noreg er det lovfesta at alle program som vert sende hjå dei store norske TV-kanalane mellom kl. 18 og kl. 23 skal vere teksta – sjølv direktesendingane, så sant det er mogeleg.

Det betyr at når to meiningsmotstandarar er i heftig diskusjon på Dagsnytt 18 på NRK2, så sit det ein person og tastar i ein ellevill fart på bakrommet.

På NRK.no kan du følgje Maria Aarnes på audition som direktetekstar hjå statskanalen. Ho skriv kring 130 ord i minuttet. Det er over dobbelt så raskt som det som er vanleg, kring 50 ord.

Ifølgje bladet «Statsspråk» i 2009 klarte dei raskaste direktetekstarane i NRK opptil 600 tastetrykk i minuttet, men det står ikkje noko om kor mange ord i minuttet dei skriv.

Bør tekste meir

Direkteteksting er eit viktig inkluderingstiltak for dei som ikkje høyrer godt. Generalsekretær i Hørselshemmedes landsforbund, Henrik Peersen, meiner difor alle sendingar bør vere teksta, ideelt sett.

– Det er veldig mange menneske i Noreg – éin million nordmenn – som har ei høyrslehemming, og difor har utfordringar med å følgje dialogen og det som vert sagt i TV-sendingane, seier Peersen på Nyhetsmorgen på P2.

Er du fingernem nok til å verte direktetekstar? Her kan du teste kor fort du skriv bokmål!

Kor mange ord skriv du i minuttet (på datamaskin)?

Kor mange ord skriv du i minuttet (på datamaskin)?

40 eller færre33
41-6063
61-80136
81-100136
101-120107
Over 120 80
Svar totalt: 555

 

14 år gamle Kaia Borrebæk er fullstendig døv og må somme tider ha tolk i timen, trass i at ho går på skule for hørselshemma.