Orange is the New Black-skodespelar seier frå seg visum for klimaet: – Dette er krig

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ikkje miljømessig etisk å byggje eit liv på to kontinent. Det er på tide å ofre noko, skriv den australske skodespelaren Yael Stone på Twitter.

Skodespelaren, som er mest kjend for rolla som fengselsfuglen Lorna Morello i Netflix-serien Orange is the New Black, annonserer i ein Twitter-video kva ho er villig til å ofre: livet i USA.

– Det er uetisk av oss å byggje eit liv i to land, når vi veit det vi veit. CO2-utsleppa åleine frå dei flyreisene er uetiske, og det er ikkje rett. Eg vil gå gjennom prosessen med å gje opp visumet mitt, og seie farvel til eit liv i Amerika, seier skodespelaren.

Det var The Guardian som først omtala saka.

– Dette er krig

Stone fortel at ho kjem til å verte verande i Australia, og prøve å utgjere ein forskjell der.

Australia har siden september i fjor vore råka av enorme skogbrannar. Dei har kosta minst 25 menneskeliv, øydelagt nesten 2000 heimar, brent ned over 63.000 kvadratkilometer med vegetasjon, skog og parkar.

Samstundes anslår økologar at nesten 500 millionar dyr er daude, og fryktar at heile artar er gått tapt.

Støtteerklæringar flaumar inn frå heile verda, og mange av Stone sine Hollywood-kollegaar donerar no pengar for å hjelpe innsatsen.

Orange is the New Black-skodespelaren meiner tida no er inne for å vise at ein faktisk bryr seg, og handle deretter:

– Som eg har sagt, dette er krig og vi har berre ti år, så lat oss ofre og gjere desse endringane, seier Yael Stone i videoen.

John Lynes (91) har blitt arrestert fleire gonger. Her under klimademonstrasjon med Extinction rebellion i England. Foto: Skjermdump/Matthew Thompson på Twitter