Hollywood-kjendisar opnar lommebøkene for kriseråka Australia

– Når eitt land står ovanfor ei klimakrise, så står me alle ovanfor ei klimakrise, sa skodespelar Cate Blanchett under Golden Globe-seremonien.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tragedien som utfoldar seg i Australia skuldast klimaendringane. Me må handla basert på vitskapen, flytta den globale arbeidskrafta over på fornybar energi og respektere planeten vår for den unike og fantastiske plassen det er. På den måten har me alle ei framtid.

Det sa Jennifer Aniston på vegner av Russel Crowe under nattas Golden Globe utdeling:

24 personar har mista livet

Den australske skodespelaren Russell Crowe vann prisen for beste skodespelar i miniserie eller film laga for tv for si rolle i The loudest voice.

På Instagram delte skodespelaren endå ein takk til teamet kring filmen, samstundes som han viste fram utstyret som stod klart for å bekjempa flammane:

Heile Australia har vorte råka av ei rekkje store skogbrannar sidan september, men aller verst har det gått ut over delstaten New South Wales på vestkysten. 24 personar har så langt mista livet i brannane og minst 1300 har mista heimane sine berre i New South Wales, ifølgje CNN.

Dronning Elizabeth av England har sendt sine kondolansar til det australske folk.

Brannane har også gått hardt ut over naturen. Forskarar fryktar at nærare 500 millionar dyreliv og heile artar kan ha gått tapt.

I sosiale medier har fleire kjendisar delt si uro for naturen og dyrelivet. Blant desse er Rebel Wilson og Bindi Irwin, som er dotter av den avdøde dyreelskaren Steve Irwin:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Our @AustraliaZoo Wildlife Hospital takes in animals from all over Australia. Hundreds of grey-headed flying foxes, a species listed as vulnerable, have been flown to Queensland after the rescue centre they were recovering in was at risk from fire and evacuated. Some of the orphans are now being cared for by the team at the hospital until they’re big enough to go home, and there’s no threat of fire. ? In September, flying fox admissions to the hospital skyrocketed by over 750% due to drought conditions and lack of food. Flying foxes are now being drastically affected by wildfires and we’re again seeing an influx of these beautiful animals from across the country. This week, we treated our 90,000th patient. To cope with so many animals being admitted to the hospital, in 2019 we opened a sea turtle rehabilitation centre, sea snake ward and are about to complete a new bird recovery area, but it’s still not enough to keep up. We need to build a new ward for our patients. Wildlife Warriors from around the world are asking how they can help us save native wildlife, you can donate on our website www.wildlifewarriors.org , or support our fundraiser to start construction of our newest ward by visiting the link in my bio! ?

Et innlegg delt av Bindi Irwin (@bindisueirwin)

Frivillig innsats

Russell Crowe er ikkje den einaste som brukte festkvelden i går til å retta søkjelyset mot Australia.

Både Bond-skodespelar Pierce Brosnan, talkshowvert Ellen DeGeneres, Patricia Arquette og skodespelar Cate Blanchett nytta si taletid til å senda støttande ord til det kriseråka landet.

– Eg vil gjerne løfta fram det frivillige brannkorpset som har stått sentralt i å kjempa mot klimakrisa som Australia står ovanfor, sa Blanchett frå scena.

Store delar av brannmannskapet som kjempar mot flammane som har herja vestkysten av Australia dei siste månadane er frivillige. I romjula bestemte australske myndigheiter at den frivillige brannstyrken som kjempar mot flammene skal få kompensasjon for tapt arbeidsinntekt.

– Når eitt land står ovanfor ei klimakrise, så står me alle ovanfor ei klimakrise. Me er saman om det, understreka Blanchett frå scena.

Donerer til saka

Også Fleabag-skapar og skodespelar Phoebe Waller-Bridge nytta høvet til å annonsera at ho vil auksjonera bort festantrekket ho hadde på seg, ein glitrande dress signert dei australske designarane Ralph & Russo, til inntekt for saka.

Ho er langt ifrå den einaste kjendisen som har opna lommeboka for saka. Den australske komikaren og Instagram-profilen Celeste Barber har samla inn over 226 millionar kroner via ei Facebook-innsamling.

Fleire store namn har også donert store enkeltsummar, mellom anna australske Nicole Kidman og Keith Urban, som donerte 500.000 dollar.

Den australske songaren Delta Goodrem har skrive denne songen om krisa:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Everyday we are all feeling what’s happening to our beautiful country, our home. I wrote this song about an hour ago after seeing yet another video of the firefighters continuing to fight the fires for us. The extremes that many families are experiencing leaves me with no words. I send all my love and I am praying everyday. Please donate to the Red Cross to help. @redcrossau Let it rain I can’t stay in silence hoping that this will go but it won’t slow It wont leave here today we walk on, our great land breathing in the ashes of our home town and It keeps on raging, here today They say keep on praying, we are and we’re waiting, for the rain Let it rain, here today Can it rain, here today Thank you to our saviours we all know that you’re saving you’re saving the day and we grateful for the heat that you’re taking away They say keep on praying, we are and we’re waiting, for the rain Let it rain, here today Can it rain, here today #australia #bushfires #australiafires

Et innlegg delt av Delta Goodrem (@deltagoodrem)

Skodespelar Margot Robbie, som også kjem frå Australia, har delt private bilete frå sin barndom for å visa kor vakkert Australia er, medan ho oppmodar folk om å hjelpa:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

@redcrossau @wireswildliferescue @salvosau @nswrfs @cfavic

Et innlegg delt av @ margotrobbie

 

Også Pink har donert 500.000 dollar, medan både Paris Hilton, Selena Gomez og Kim Kardashian har engasjert seg i sosiale medium.

Kim Kardashian brukar Twitter til å slå fast at klimaendringane er ekte, noko også demokratane Hillary Clinton og Bernie Sanders også nyttar høvet til:

Den amerikanske skodespelaren Bette Midler nytta også høvet til å retta skytset mot Australias statsminister, Scott Morrison, som har fått kritikk for manglande klimatiltak: