Noreg fekk gjennomslag for sterkare global kontroll med plastavfall

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg fekk i tillegg gjennomslag for å etablere eit heilt nytt partnarskap for plastavfall, som inkluderer styresmakter, næringsliv og organisasjonar.

– Vedtaket i Baselkonvensjonen gjer at all eksport av plastavfall som utgjer ein fare for miljøet blir kontrollert strengare. Vedtaket gjer at vi får meir kontroll og kunnskap om den internasjonale plasthandelen, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

– For å redusere mengda plastavfall i naturen er dette veldig viktig, og eg er glad for at Noregs forslag fekk fleirtal. Det er slike konkrete tiltak vi treng fleire av framover for å løyse problemet med den enorme plastforsøplinga, seier Elvestuen.

Les også saka frå NUPI Skole som forklarer det meste om plast: Kva er plast, kva er problemet, og kva gjer vi med det? 

Nye krav

Ifølgje ein rapport frå Grid-Arendal blir berre mellom 9 og 12 prosent av plastavfallet i verda resirkulert.

Internasjonal handel med plastavfall er ein milliardindustri som fram tid i dag har vore utan internasjonal kontroll. Det har store konsekvensar for både miljø og menneske, påpeikar Klima- og miljødepartementet.

Vedtaket inneber at eksport av plastavfall som ikkje er heilt klart for umiddelbar gjenvinning, vil krevje ein særskild eksportlisens. Det inneber at land som får store mengder plastavfall, kan stille større krav til kva det inneheld. Eksport av plastavfall som ikkje går direkte til gjenvinning, må no ha samtykke frå importlandet før transporten.

Les også om ungdomane som vil hindre mikroplast i daglegdagse produkt: – Mikroplast er eit stort problem, og vi meiner vi har ei god løysing. 

Kristoffer Krogh Wetterhus, Lisa Maria Trichel Hanevold, Ane Solbakken-Melleby, Michelle Lous og Ingvild Farstad-Steine vil gjere det enklare for folk å ta miljøvenlege val sjølv om dei har hastverk når dei er i butikken. Foto: Bente Kjøllesdal