Fann plast i havsalt verda rundt
Forskarar strevar med å testa effekten av plast fordi dei ikkje klarar å finna menneske som IKKJE har plaststoff i kroppen.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kvart år blir det dumpa mellom 8 og 12 millionar tonn med plast i havet. No har amerikanske forskarar funne igjen små plastbitar i havsalt innkjøpt i butikkar i Storbritannia, Frankrike, Spania, USA og Kina.
Det melder den britiske avisa Guardian.
Ifølgje avisa er det ikkje kjent kva effekt slike små plastbitar kan ha på helsa til menneske. Forskarane har ikkje klart å finna ei stor nok kontrollgruppe som ikkje har plaststoff i kroppen.
95 prosent av vaksne amerikanarar hadde Bisfenol A i urinen, ifølgje ein studie frå 2013.
Innan 2050 reknar forskarane med at det vil vera meir plast enn fisk i havet.

Denne gif´en frå plasticadrift.org viser korleis plasten spreier seg i Atlanterhavet.
LES OGSÅ: Dette veit forskarane om plast i havet
LES OGSÅ: Norsk torsk har plast i magen