Kvit jul kan bli langt sjeldnare i framtida

Det er stor sjanse for at du berre finn kvit jul på fjellet og i indre strok av Nord-Noreg mot slutten av hundreåret.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er dei snøsikre stadene like snøsikre i framtida? Meteorologisk Institutt har sett på korleis det ligg an med julesnøen på tolv populære skistader i Noreg.

For perioden 2036 til 2065 vil snøgrensa trekka seg innover og oppover.

Halvering av sjansen for kvit jul

Kvamskogen er ein populær skistad for mange i Bergensområdet. Fram mot midten av hundreåret blir sjansen halvert for kvit jul i nedre delar av skianlegget.

– Utrekningane me har gjort viser ein nedgang på opp mot 60 prosent for Kvamskogen ved cirka 500 meter over havet. For å få kvit jul her i framtida må ein endå lenger opp i fjellet, seier klimaforskar og leiar for Norsk klimaservicesenter Anita Verpe Dyrrdal i ei pressemelding frå Meteorologisk Institutt.

Ved Tryvann i Oslo er det ein nedgang frå snøsikkert og 99 prosent sjansa for kvit jul til 35 prosent sjanse for kvit jul i 2035-2065.

Sjansen for snø i Oppdal vil bli redusert dei neste tiåra. Her frå Hovden i Oppdal skisenter. Foto: KS-U92, CC BY-SA 1.0

Overraskande funn i Nord-Noreg

Meir overraskande er det med Nord-Noreg. Om nokre tiår er sjansen for kvit jul gått ned med om lag 70 prosent i Narvik. I Målselv i Troms var det opp mot 90 prosent sjanse for kvit jul kring 500 meter over havet. Men i framtida fell sjansen ned mot 44 prosent sjanse for kvit jul.

Eit av Noregs største skianlegg, Oppdal, kjem òg dårleg ut. Før var det opp mot 93 prosent sjanse for kvit jul på Oppdal ved nesten 900 meter over havet, men i framtida fell sjansen ned mot 36 prosent.

Grafikk: Mai-Linn Finstad Svehagen / MET

Nokre stader har framleis snøgaranti

Hemsedal, Hovden, Sjusjøen, Beitostølen og Trysil toppar lista over skistader som vil ha snøgaranti og størst sjanse for kvit jul i framtida. Desse snøsikre stadene har opp mot 100 prosent sjanse for kvit jul i framtida. Nedre del av skianlegget vil nok likevel kunne trenga fleire snøkanonar framover, ifølgje Meteorologisk Institutt.

Held klimagassutsleppa fram å auka slik dei har gjort fram til no, er det stor sjanse for at kvit jul berre vil finnast på fjellet og i indre strøk av Nord-Noreg mot slutten av hundreåret.