Mindre snø i påska i framtida

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Resultat frå NVEs forskarar viser at rundt 1. april vil snøgrensa i nesten heile landet vere i snitt 200–400 meter høgare i 2071-2100, enn i perioden 1971–2000. Unntaket er Troms og Finnmark der stiginga i snøgrensa er venta å vere framleis mindre enn 200 meter.

Funna er presentert i rapporten “Simulations of snow depth in Norway in a projected future climate (2071-2100)”.

– Snø er ein naturleg del av livet her i landet, og mange av oss set pris på å oppsøkje snø når vi har ferie og fri. I rapporten har vi derfor tatt for oss juleferien, vinterferien, påske og 17. mai, og sett på kva snødjupner vi kan forvente oss rundt desse datoane, og kor langt til fjells vi må dra for å få snø under skia i perioden 2071–2100. Dette har sjølvsagt store variasjonar alt etter kvar vi er i landet, så vi har sett på kvart enkelt fylke for seg, forklarer snøforskar Tuomo Saloranta på nettsida til NVE.

Han understrekar at dette ikkje må bli sett på som ein vêrmelding for dei framtidige ferieperiodane, men kva vi kan vente oss dersom utsleppa av klimagassar held fram i eit såkalla middels utsleppscenario.

LES OGSÅ: Metan-utsleppet frå norsk olje og gass kan vere dobbelt så stort som rekna med

Påverkar heile samfunnet

I eit varmare klima mot slutten av dette hundreåret er det venta mindre snø nesten i heile landet. Sjølv om det er alvorleg nok for alle som er glade i skigåing, spelar snøforholda ei viktig rolle for mange sektorar i samfunnet. Vinterturisme er eit døme. I tillegg blir trafikkflyt både langs veg, på jernbane og på flyplassar påverka av snøforholda. Også for å planleggje vasskraftproduksjon må ein vite kor mykje snø som er tilgjengeleg, sidan snøen vert gjort om til vasskraft når han smeltar og renn inn i kraftmagasina.

Minst snø på Vestlandet

Simuleringsresultat viser at reduksjonen i snødjupne vil bli størst i fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. På rundt 1.000 meters høgde kan vi i perioden 2071–2100 vente oss ein gjennomsnittleg reduksjon på over 100 centimeter samanlikna med perioden 1971–2000. Denne reduksjonen vil bety ein stigning i snøgrensa på 300–500 meter.

I dei mest folkesette områda rundt Oslofjorden ventast snøgrensa å stige med 100–300 meter. Snødjupna kan bli redusert med 20–60 centimeter sjølv på dei høgstliggjande marka-områda rundt 500–600 meter over havet.

I Troms og Finnmark er stiginga i snøgrensa venta å vere mindre enn 200 meter i framtidspåska.