Sommarskisenter slit med brear som smeltar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2018 hadde Stryn sommarskisenter sin kortaste sesong nokosinne, og på Galdhøpiggen sommarskisenter gjekk omsetninga kraftig ned. Ei av årsakene er at dei måtte flytte heisen på grunn av bresmelting.

Flytta heisen 35 meter

Etter fleire varme somrar måtte Galdhøpiggen sommarskisenter i 2018 flytte heile heisen 35 meter grunna snøsmelting. Det medverka til at årsresultatet gjekk ned frå sitt beste omsetningsår i 2017 på 4,5 millionar kroner, til 0,7 millionar kroner i 2018, melder Dagens Næringsliv.

Per Arne Vole er ein av to eigarar av bedrifta, og er nøgd med temperaturane i år, trass i at det har falle lite snø. Han ser lyst på drifta framover.

– Folk blir meir og meir desperate etter snø, så kundegruppa vår aukar heile tida.

Tre år med underskot i Stryn

På Stryn sommarskisenter gjekk omsetninga òg ned førre året, frå 1,6 millionar i 2017 til 878.000 kroner i 2018. Det var tredje året på rad med underskot, og senteret hadde berre 15 driftsdagar.

Skikøyring på Tystigbreen, der det har gått eigen heis, er ikkje lengre mogleg grunna bresmelting.

– Vi køyrer ikkje lenger breheisen da det ikkje er nokon bre der lenger. Det er greitt med snø lengre oppe, men det er ein del skumle sprekkar på opptil 30 meter i isen, seier dagleg leiar Nina Lensebakken i Stryn sommerski til DN.

Noregs vassdrags- og energidirektorat forklarer at det vil komme både gode og dårlege sesongar framover, men at forholda ved breane blir meir krevjande i åra som kjem.