Sjå videoen: Svart snø i Sibir

Det er ikkje mykje som minner om vinteridyll når kolstøv frå opne gruver fargar omgjevnadane svarte.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I det russiske Kuzbassområdet i Sibir er vinterlandskapet prega av eit svart teppe: Kolstøv frå dei mange kolgruvene.

– Det er vanskelegare å finne kvit snø enn svart snø om vinteren, seier Vladimir Slivjak til The Guardian.

Han er medlem av miljøorganisasjonen Ecodefense. Slivjak fortel vidare at det er mykje kolstøv i lufta året rundt, men at snøen no gjer det synleg.

Les også: Fleire tusen vil lenke seg mot gruvedrift i Repparfjorden

Uspesifiserte verksemder

Ifølgje den engelskspråklege avisa Siberian Times, seier direktøren for kolannlegget i Prokopjevskaja, Anatolij Volkov, at den svarte snøen skuldast eit øydelagt skjold som gjorde det mogleg for kolpulver å sleppe ut i atmosfæren.

Viseguvernøren i Kemerovo-regionen, Andrej Panov, seier på si side at kolindustrien åleine ikkje er skuld i den svarte snøen, men at også forureining frå transport og uspesifiserte verksemder kan vere årsaka.

Les også: Dette faget skal bu elevane på hundreårets krise

Helsefarleg støv

Ifølgje The Guardian seier miljøaktivistar at støvet inneheld ei mengd farlege tungmetall, inkludert arsenikk og kvikksølv, og at kolgruvene har store følgjer for helsa til dei 2,6 millionar innbyggjarane i regionen. Forventa levealder i regionen er tre til fire år lågare enn elles i Russland, samstundes som kreft, cerebral parese hjå born og tuberkolose førekjem oftare i Kuzbassområdet enn landsgjennomsnittet.

Den britiske avisa påpeiker at miljøproblema vert forsterka av at kol vert lest på opne togvogner for eksport, og at vind og regn spreier støvet under transporten. Kritikarar hevder vidare at myndigheitene ser mellom fingrane med rutinebrot og sikkerheitsreglar.

I snøen står det skrive «hjelp»: