Ho blir redaktør i NRK Vestland: – Tar på meg Vestlands-hatten

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er både stolt og audmjuk og tenker no at alle dei flinke folka i NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland skal bli til superlaget NRK Vestland. Det er nokre veldig gode moglegheiter i samanslåinga, så om vi speler korta våre riktig, kan det bli kjempebra, seier Dyveke Buanes til Nynorsk pressekontor.

Sidan 2017 har ho vore redaktør for NRK Hordaland. Når dei saman med NRK Sogn og Fjordane frå 1. januar blir til NRK Vestland, blir ho redaktør for heile det nye Vestlands-kontoret. Redaksjonen blir verande i Førde og Bergen, men med tettare journalistisk samarbeid og felles redaktør.

– Eg tar av meg Bergens-hatten og tar på meg Vestlands-hatten, seier Buanes om den nye rolla, og er veldig bevisst på at dei no skal dekke eitt felles fylke der alle delane av fylket er like viktige.

Rune Møklebust, fungerande regionredaktør i NRK region vest gler seg til å sjå at visjonane for det nye kontoret blir sette ut i livet.

– Dyveke, som ein ambisiøs, nytenkande og målretta redaktør, og Terje Gilleshammer, som med si drivande kraft og faglege tyngde kjem til å vere ei skikkeleg god samlande kraft for det nye kontoret, skriv han i ein kommentar til NPK.

Lang tradisjon med samarbeid

Dei to kontora har allereie ein lang tradisjon med ein felles Vestlandsrevy på TV. Frå nyttår fortset dei to kontora med eigne radiosendingar, men med meir samarbeid og fleire samsendingar når det er journalistisk relevant. På nett får dei ein ny, felles front.

– Vi har kjempeflinke reporterar og folk i både Hordaland og Sogn og Fjordane. Målet er ein felles reportarpool, der ein kan bygge sterkare fagkompetanse. Vi såg det allereie i haust ved valet, der Erlend Blaalid Oldeide i Førde gjorde ein fantastisk jobb med å spørje ut dei folkevalde i fylket, men etter å ha utveksla kunnskap med Sølve Rydland i Hordaland, seier Buanes.

Ho ønsker eit samarbeid der journalistane finn kvarandre fagleg, snakkar saman og speler kvarandre gode.

– Saker i heile Vestland kjem til å bli meir relevant for alle i heile fylket, og vi er einaste mediehuset som dekker heile nye Vestland. Om det er ein vidaregåande skole i Etne som skal få meir økonomisk støtte, blir det òg relevant for Måløy eller andre delar av fylket fordi dei deler same budsjett, seier Buanes.

Arbeid med å bli kjent

– Kva blir den største utfordringa med ei samanslåing?

– Det er sjølvsagt arbeid som skal gjerast med å bli kjent. Vi må bruke tid. Lokalkontora i både Sogndal, Nordfjordeid, Stord og Odda blir også veldig viktige framover. Vi skal få til fagnettverk mellom dei og at dei kan få støtte i kvarandre.

Noverande distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Terje Gilleshammer, går over i stillinga som redaksjonssjef for fordjuping og samarbeid. Han blir sentral i arbeidet med å få til eit godt samarbeid og ein god journalistikk i heile vestlandsfylket.

– Han er ein god lagspelar eg trur blir avgjerande for at vi skal lykkast med å lage dagsordensetjande journalistikk, seier Buanes.

Har trua på nynorsken

Målrørsla har ytra bekymring for den samla delen nynorsk i NRK når Sogn og Fjordane som nesten berre skriv nynorsk, blir slått saman med bergenskontoret. Buanes deler ikkje bekymringa for at det blir mindre nynorsk totalt, og strekar under at det er noko dei jobbar godt med i Hordaland.

I haust fekk hordalandskontoret den mindre kjente utmerkinga «Smågodtposen» av konstituert språksjef i NRK, Ingvild Bryn.

– Posen er ein haug med smågodt fordi vi har klart å ta eit krafttak for å få opp nynorskprosenten. Det er teikn på at vi tar det på høgaste alvor, seier Buanes, som har tru på at NRK i år kan nå målet om 25 prosent nynorsk.

NRK Hordaland har dei siste 90 dagane nådd ein nynorskprosent på 54, og i november var delen nynorsk på 57 prosent.

– Vi har eit veldig bevisst forhold til nynorsk i Hordaland, det er viktig for oss. Hordaland er distriktskontoret som leverer flest saker til NRK-fronten, og da meiner vi at vi er med å auke den totale prosenten i NRK.

Men ho trur det ville vore unaturleg dersom heile bergenskontoret skulle skrive nynorsk.

– Eg sit i bokmålsbyen Bergen og kan ikkje love at vi får 100 prosent nynorsk. Men vi har eit fokus på at det er veldig viktig.

– Vestland kling bra

Buanes trur ikkje ho blir nokon autoritær sjef.

– Eg trur eg er ein lydhøyr sjef. Eg vil at vi skal få til noko, og skjønner at det ikkje kjem av seg sjølv, men at utviklinga og tilliten kjem over tid.

Ho medgir at prosessen med å slå saman kontora har vore både mentalt krevjande og kravd mykje arbeid. No har prosjektet modna for dei.

– Eg synest NRK Vestland kling bra, og eg trur vi på sikt vi vil få bygd opp ei fellesskapsfølelse rundt at vi er eitt Vestland. No gler eg meg til å setje ut i livet det vi har snakka om, og ivrar etter å vise kva vi skal få til saman, seier sjefen for NRK Vestland.

Ingvild Bryn som tjueåring. Foto: Privat