Årets TV-aksjon: Auksjonerer bort fylkes- og kommuneskilt

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvart år er det nye spanande ting ein kan by på for å gi pengar til TV-aksjonen, som har blitt arrangert sidan 1974.

I år går pengane til organisasjonen CARE, og målet er å skapa eit betre liv for kvinner i Niger, Mali, Den demokratiske republikken Kongo, Burundi, Rwanda, Myanmar, Afghanistan, Jordan og Palestina.

Årets TV-aksjonen går av stabelen 20. oktober, og det ligg allereie mykje rart ute til auksjon.

Kor mykje ville du betalt for eit kommune-/fylkesskilt?

Kor mykje ville du betalt for eit kommune-/fylkesskilt?

200-100032
1000-500025
5000-10.00010
Over 10.00013
Hadde ikkje brukt ei krone82
Svar totalt: 162

Nytt fylke – gamle fylkesskilt

Med nye kommune- og fylkessamanslåingar, sit ein brått igjen med gamle, utdaterte skilt, og no kan du sikra deg nettopp desse.

Frå 1. januar vil Hedmark og Oppland fylke vera historie, når Innlandet fylke kjem i 2020.

Knut Storberget vert fylkesmann for det nye storfylket og auksjonerer no bort skilta til Hedmark og Oppland fylke.

Fleire lokale skilt på auksjon

Storberget er ikkje åleine om idéen. Ein kan også kjøpe skiltet for Telemark fylke, Vestfold fylke og Østfold fylke.

I tillegg ligg kommuneskilta for Trøgstad, Spydeberg, Rygge, Hobøl, Eidsberg og Askim, ute for auksjon.

Hedmark – 10.000 kr

Førebels er det Hedmark og Oppland sine fylkesskilt som ligg an til å få inn mest pengar. På Hedmark ligg siste bud på rundt 10.000 kr.

Kommuneskilta ligg foreløpig på rundt 1500-2500 kroner. Vil du gjera eit kupp, er det Østfold fylkesskilt og Hobøl sitt kommuneskilt som ser ut til å vera minst populært. Dei ligg på høvesvis 400 og 500 kr.