Førdefjorden, Fosen, Haramsøy og fleire. Dei siste 50 åra har nordmenn demonstrert, aksjonert og gått til sak mot staten for klimaet. Her er nokre av dei mest kjende.

NPK-Peder Skjelten
Publisert
Oppdatert 27.11.2023 08:11

Mardøla – den første aksjonen

Sommaren 1970 var første gong sivil ulydnad blei teken i bruk i ein protestaksjon i Noreg. Aksjonistar demonstrerte mot ei planlagd kraftutbygging mellom kommunane Rauma og Nesset i Romsdal. Det blei slått leir ved ein anleggsveg og fleire av aksjonistane lenkja seg fast til fjellet.

25. juli greidde aksjonistar frå «Samarbeidsgruppene for natur- og miljøvern» å stanse anleggsarbeidet.

Trass i aksjonen blei kraftutbygginga gjennomført som planlagt. Som følgje av utbygginga blei Mardalsfossen – ein av dei høgaste i verda – tørrlagt mesteparten av året.

Kvart år, frå 20. juni til 20. august, blir slusesystemet opna litt. Slik turistar og fastbuande får sjå Mardalsfossen igjen.

Altaelva – miljørørsla og samiske interesser finn saman

Styresmaktene byrja å byggje eit vasskraftverk i Altaelva i Indre Finnmark på 70-talet. Sommaren 1979 blokkerte ei gruppe aksjonistar ein anleggsveg.

Motstanden mot utbygginga var basert på samiske interesser, reindriftsinteresser og miljøverninteresser.

Folk kom frå heile landet for å delta i aksjonen og lenkje seg fast. Målet var å stanse utbygging av Alta/Kautokeino-vassdraget. På det meste hadde folkeaksjonen 20 000 medlemmer.

Etter å ha fått nei til kravet om stans i utbygginga, heldt ei gruppe samar sveltestreik utanfor Stortinget nokre månadar seinare.

Protestane heldt fram dei neste åra, med nye aksjonar i Finnmark og sveltestreik utanfor Stortinget. Over 1000 aksjonistar blei bøtelagde. Nokre måtte i fengsel etter å ha nekta å akseptere bot.

I 1982 slo Høgsterett fast at utbygginga var lovleg og aksjonane tok slutt. Den nye demninga blei opna i 1987.

Gasskraftutbygginga av «Snøhvit»

Gasskraftutbygginga «Snøhvit» utanfor Hammerfest blei godkjend av Stortinget i mars 2002. Juli same år gjennomførte Natur og Ungdom fleire aksjonar i protest. Aksjonistane lenkja seg fast til diverse utstyr som skulle fraktast ut til Melkøya.

Utbygginga blei forseinka med ti dagar.

Til saman 72 personar vart arresterte av politiet og det vart delt ut bøter til nær 300 000 kroner.

Snøhvit-feltet har levert naturgass sidan 2007.

Hardanger og «monstermastene»

I 2010 byrja Statnett utbygging av ei 92 kilometer lang kraftlinje gjennom Hardanger – frå Sima i Eidfjord til Samnanger. Målet var å gi betre straumforsyning til området nord for Hardangerfjorden. Mastene skulle vere mellom 25 og 45 meter høge. På bakgrunn av storleiken blei mastene omtalt som «monstermaster» av motstandarane.

Det var Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som innvilga søknaden om utbygging. Vedtaket til NVE blei klaga inn til Olje- og energidepartementet, som i 2010 opprettheld vedtaket og innvilga konsesjonen.

Folk kom frå heile landet til Hardanger for å delta i aksjonar mot mastene frå 2010 til 2012. Også her lenkja aksjonistar seg til anleggsarbeidet.

Aksjonane førte likevel ikkje fram. Mastene står i Hardanger i dag.

I 2014 stod totalt åtte aksjonistar tiltalt for brot på Politiloven, fordi dei ikkje melde frå om demonstrasjonane til politiet. Seks av dei blei dømde, men fekk ikkje straff.

Haramsøya og ringen rundt fjellet

I 2009 blei det gitt konsesjon til Haram Kraft AS for bygging av 16 vindturbinar på fjellet på Haramsøya i Møre og Romsdal. Haram kommune hadde i utgangspunktet sagt nei til vindparken, men gjekk med på prosjektet da talet vindturbinar blei redusert til åtte.

Zephyr overtok prosjektet i 2018 og gravearbeidet starta 12. juni 2020.

Det blei fleire demonstrasjonar på Haramsøya for å hindre arbeidet. Vindkraftmotstandarane meinte konsesjonen blei gitt basert på ein langt høgare kraftproduksjon enn det som er mogleg, og dermed var ugyldig.

Mai 2020 byrja lokale og tilreisande demonstrantar å slå ring rundt fjellet, for å hindre anleggsarbeidarane i å sette opp vindturbinane. Politiet innførte ei stund opphaldsforbod på fjellet for å hindre aksjonar.

I mai 2021 tapte organisasjonen Nei til vindkraftverk saka mot staten om konsesjonen er ugyldig.

Haram vindkraftverk blei sett i drift frå 2021. Dei åtte vindturbinane er 150 meter høge.

Fosen

I 2006 vart det sendt inn ein fellessøknad for å byggje fleire vindkraftverk – inkludert Storheia i Åfjord – på Fosenhalvøya. I 2008 søkte utbyggjarane om å få byggje og drifte vindkraftverka, og i 2010 gav NVE gav løyve.

Trass i fleire klagar, blant anna frå lokale reindriftsutøvarar, Sametinget og Naturvernforbundet, kom godkjenninga i 2013 frå olje- og energidepartementet. Mellom 2016–2019 vart det sett opp 80 vindturbinar og 60 kilometer veg i fjellet på Fosen.

Saka enda i Høgsterett i 2021. Oktober same år kom dommen. Han konstaterte at vindkraftutbygginga var ugyldig fordi ho krenkja reindriftssamars rett til utøving av kultur.

To år etter dommen er vindkraftverka framleis i drift. Det har ført til fleire aksjonar mot Olje- og energidepartementet og Stortinget frå Natur og Ungdom og samiske aktivistar.

Førdefjorden til retten

Konflikten om Førdefjorden gjeld gruvedrifta i Engebøfjellet i Sunnfjord kommune – tidlegare Naustdal kommune. Gruveselskapet Nordic Mining ASA fekk i 2016 løyve frå regjeringa til å starte utvinning mineral frå Engebøfjellet i Naustdal kommune.

Selskapet fekk samtidig løyve til å deponere gruvemassar frå drifta i ytre del av Førdefjorden.

Søknaden og løyvet om sjødeponi har skapt sterke protestar. Miljørørsla meiner at å deponere rundt fem millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden kvart år vil gjere omfattande skade – blant anna på fleire fiskeslag i fjorden.

Undersøkingar i fjellet viser at førekomsten av mineralet rutil er større enn nokon annan stad i landet, og vil gi grunnlag for gruvedrift i femti år.

I 2016 lenkja aksjonistar frå Natur og Ungdom lenkja seg fast for å hindra igangsetjing av prøveboring. Aksjonen vart avbroten etter to veker. I 2022 blei 20 aksjonistar arresterte under ein demonstrasjon mot deponiet i Førdefjorden.

Regjeringa har i vedtaket sitt understreka at krava til sjødeponi i Førdefjorden er dei strengaste som nokon gong er stilte.

Dommen i saka om Førdefjorden er venta i starten av 2024.