Forbrukarrådet: Nordmenn betaler for manglande mobilkonkurranse

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Finn Myrstad er fagdirektør for digitale tenester i Forbrukerrådet. Foto: Forbrukerrådet

Medan danske mobilkundar får 50 gigabyte (GB) for 300 norske kroner i månaden, får svenskane 15 GB. Norske mobilkundar må nøye seg med datapakkar på mellom 3 og 6 GB for den same prisen, skriv Aftenposten.

Ifølgje Forbrukarrådet heng prisforskjellane saman med konkurransesituasjonen i den norske marknaden.

– Den norske mobilmarknaden lid opplagt av mangel på konkurranse. Når Telenor og Telia får setje premissane, seier det seg sjølv at norske kundar må betale mykje for lite, seier fagdirektør Finn Myrstad.

– Ulike strategiar i ulike land

Telenor og Telia har til saman over 90 prosent marknadsdel i Noreg. Men dei meiner det er fleire faktorar som gjer at svenskar og danskar får billegare mobildata.

Henning Lunde er Telia Norge sin kommunikasjonsdirektør. Foto: Telia Norge

– Prisane blir bestemte av marknaden, konkurransesituasjon, kjøpekraft, forbruksmønster, rammevilkår, etterspørsel og kostnader. Og det bør ikkje komme som noka overrasking at ein vil sjå ulike strategiar i ulike land, seier kommunikasjonsdirektør Henning Lunde i Telia.

Kollegaen hans i Telenor, Magnus Line, seier prisforskjellane i tillegg kjem av at det er dyrt å bygge ut mobilnett i eit land som Noreg. Han peikar på at Telenor investerer 4,5 milliardar årleg i Noreg, langt meir enn i Danmark.