Kaldt hovud og varmt hjarte i asyldebatten
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Tidlegare Oslobiskop Gunnar Stålsett har over fleire år gjeve ein ureturnerbar asylsøkar arbeid og inntekt. Det skal han etter lova straffast for. Dette lovverk, som gjer det straffbart å hjelpe andre, bør reviderast.
Umogleg livssituasjon
Ein ureturnerbar asylsøkar er eit menneske som ikkje har fått godkjent opphald i Noreg, men heller ikkje er mogleg å returnere til heimlandet sitt. Ei årsak til dette kan vere at det er usikkerheit rundt personens identitet og heimland.
Å leve i slik uvisse i eit ukjent land, er ein umogleg livssituasjon. I dei tilfelle det er umogleg å sende menneske som har fått avslått sin asylsøknad ut av Noreg, er dagens lovverk for rigid.
Å leve i slik uvisse i eit ukjent land, er ein umogleg livssituasjon
Konsekvensen av å sitje fast i eit land ein ikkje har lovleg opphald i, er at ein ikkje har grunnleggande rettar på til dømes arbeid, utdanning og helsehjelp. Gjennom å gje ureturnerbare asylsøkarar moglegheit til å delta i samfunnet, kan vi bidra til å fylle livet med meining. Det er viktig å kjenne at ein høyre til.
- LES OGSÅ INNLEGGET: Kong Harald, vår siste monark?
Viktig å tenke sjølv
Det er synd at det vert brukt ressursar i politi og rettsvesen på å setje Gunnar Stålsett i fengsel. Langt meir alvorlege saker med kjend gjerningsperson vert henlagt på grunn av ressursmangel. Det kan ikkje vere av dei grovaste lovbrot at enkeltpersonar forsøker å inkludere vanskelegstilte menneske i samfunnet. Det bør heller ikkje vere lovstridig for desse menneska å delta og bidra i samfunnet.
Lovverk skal ikkje trumfe sunn fornuft og nestekjærleik
Vi må aldri slutte å tørre og utfordre gjeldande praksis. Det hender at folk veit betre enn lovverk. I si tid blei Anne Frank skjult av menneske som braut lova, og drepen av menneske som følgde lova. Denne brutale påminninga syner viktigheita av å tenke sjølv.
Lovverk skal ikkje trumfe sunn fornuft og nestekjærleik.
- LES OGSÅ INNLEGGET: «Vi burde bruke vår fridom for å kjempe for andre sin fridom, uavhengig av avstanden mellom oss»
Lova må endrast
Senterungdomen meiner at det er på tide med ein gjennomgang av dagens lovverk, med sikte på å gje ureturnerbare asylsøkarar tilgang til viktige fellesskapsarenaer som utdanning og arbeid.
Alle menneske fortener ein meiningsfull kvardag. Difor må utlendingslova endrast, slik at ureturnerbare asylsøkarar får midlertidig tilgang til arbeid, utdanning og helsetenester.
Har du noko på hjarta? Skriv til oss på tips @ framtida.no.
LES MEIR: «Hadde du dusja her, Erna?»