Kong Harald, vår siste monark?

Erik Justus Grünert, nestleiar i Bergen Unge Venstre
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Noregs øvste statsoverhovud er i dag verken Erna Solberg, stortingspresident eller høgsterettsjustitiarius.

Kongen er i dag øvste statsoverhovud, vel og merke ein svært symbolsk posisjon som hovudsakelig er prega av tradisjonar.

Men hadde ikkje Noreg vore betre tent som republikk?

Ein kronglete tradisjon

Monarki var gjeldande statsform den tid ein ikkje klarte å gjennomføra demokratiske val i store og kronglete land.

Noreg har lang tradisjon med kongar frå inn og utland men vi har også vore eit demokrati i over 200 år. Då bør også statsforma reflektere dette.

Eg tvilar veldig sterkt på at vi hadde innført eit kongehus i dag, kvifor skal vi då fortsetje med det?

Kong Harald pushar 82

For mange vil det kanskje verke som litt unødvendig å ta denne diskusjonen no, og det skal eg seie meg einig i at det kan framstå som.

Vår alles kjære Kong Harald byrjar å dra på åra

Men vår alles kjære Kong Harald byrjar å dra på åra og det er relevant å skulle diskutere ordninga i samband med overleveringa av trona. Han pushar 82 år og ifølge SSB har han då ein forventa gjenståande levealder på 7,4 år.

Eg vil nødig sette av en sitjande monark og det må i den samaheng nemnast at kronprinsen har 36 år igjen ifølgje same statistikk. Gitt at det er ein ganske omfattande prosess å skulle endre statsform frå monarki til republikk bør vi byrje snart om vi skal klare det i tide.

Kongen over lova

Vi likar å tru at alle er fødd med like moglegheiter og rettar. Kongen er då eit unntak, mange vil nok meine at dette er openbert og riktig for kongen.

Men kan vi som samfunn stille oss bak at lovbrot ikkje blir stilt for retten? Ifølgje grunnlovas femte paragraf kunne ein ikkje straffa kongen om han hadde vore gjerningsmannen 22. juli. Eit skrekkeleg eksempel og vel så urealistisk, men også reelt.

All anna lov skal vike for grunnlova.

Eg synest Kongen og familien rundt verkar som ein hyggeleg gjeng, men det syns eg også om kompisane mine.

Eg hadde dog ikkje funne meg i at dei skulle bruke eit minimum av 357 millionar i året som heller kunne gått til fellesskapet. Dette er ikkje rekna med utgiftene til statsbygg, tre departement og garden i samband med kongehuset.

Fødselsmerket

Å skulle bli fødd inn i ein så tung institusjon som kongehuset unnar eg ingen. Det er utan tvil ei belastning for den som må leve med medias søkelys hengane over seg konstant.

Mange skulle nok ønskje seg til situasjonen, men ein kan heller ikkje vike frå samfunnsrolla ein blir tildelt ved fødsel om ein ikkje skulle ønske den.

Eg håpar inderleg vi som nasjon går inn for å avskaffa den utdaterte institusjonen

Ein kan også argumentera for at sitjande statsminister missar moglegheiter til å dyrke internasjonale relasjonar mellom Noreg og andre land då kongen reiser i det som elles hadde vore hennar plass.

Eg håpar inderleg vi som nasjon går inn for å avskaffa den utdaterte institusjonen kongehuset er, som ikkje fyller noko uvurderleg eller spesiell samfunnsrolle.

Eg håpar at vi som samfunn set prinsipp og verdiar framfor gamle tradisjonar.

Har du noko på hjarte? Send meininginnlegg til tips(a)framtida.no!