Utdanning

«Kva er rettferdig med å la eit vanskelegstilt barn liggja to månader bak medelevane?»

Har ein gløymt det ein lærte før sommaren, vil det vera vanskeleg å byggja vidare på kunnskapen om hausten. Då er det vår plikt å finna løysingar som bidreg til å redusera dette læringstapet, skriv Civita-rådgjevar Oda Oline Omdal.

Oda Oline Omdal (21)
Rådgjevar i Civita
Publisert
Oppdatert 22.07.2024 14:07

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Oda Oline Omdal sit på fylkestinget i Agder for Høgre.

Sentralstyremedlem i AUF Sandra Tenud går hardt ut mot forslaget mitt om å omorganisera skuleåret, og meiner det er «akademisering» av skulen. Men skal ikkje skulen vera ein læringsarena?

Det er ingen som er usamd i at barn skal vera barn, at dei skal få klatra i tre, vera med venner og lada batteria. Men me må også tora å utfordra eit system som er med på å forsterka sosiale forskjellar.

Peikefinger mot høgresida

Det er synd at AUF, som gjerne hevdar seg som den største forkjemparen for å jamna ut forskjellar, nektar å diskutera forslag som faktisk kan bidra til dette. I staden rettar dei ut peikefingeren og skuldar høgresida for å vera vond og påstår at me ønskjer å ta frå unge barndommen.

quote-left

Alle er samde i at me skal få ned dei sosiale forskjellane i skulen

quote-right

Alle er samde i at me skal få ned dei sosiale forskjellane i skulen, men når det me har drive med i årevis ikkje fungerer, må me også tora å henta inspirasjon frå andre stader.

I dag varierer allereie lengda på sommarferien frå sju til ni veker. Forslaget er med andre ord ikkje særleg radikalt. Viss ein etter seks veker med sommarferie, som er forslaget mitt, gruer seg til å komma tilbake på skulen, så er problemet antakeleg det som skjer på skulen og ikkje lengda på ferien.

Negativ sommarferieeffekt

Forskinga frå USA er tydeleg; sommarferiar har ein dokumentert negativ effekt på læringsutbyttet til elevane. Forskinga viser at fleire elevar opplever ei form for «sommargløymsel» der store delar av kunnskapen frå skuleåret går tapt i løpet av ferien. For gjennomsnittseleven svarer læringstapet til ein månad. For barn med lågare sosioøkonomisk status, kan det svara til heile tre månader.

Kva er rettferdig med å la eit vanskelegstilt barn liggja to månader bak medelevane sine?

Stort læringstap fører til at lærarane må bruka verdifull tid i starten av kvart skuleår til repetisjon. Kortare, men hyppigare feriar kunne bidrege til å redusera denne effekten, og ikkje minst sørgja for ei jamnare læringskurve gjennom året. Eksempelvis viser forskinga at ni veker med skule etterfølgt at to veker ferie kan gi betre resultat, og redusera læringstapet. Me har ingen kunnskap om korleis denne effekten er i Noreg.

Oppmodinga mi er derfor at Kunnskapdepartementet søkjer nytt og oppdatert kunnskapsgrunnlag som tek utgangspunkt i norske elevar, i den norske skulen. Då kan me også setja i gang ein faktabasert debatt om korleis organiseringa av skuleåret kan bidra til ein betre skule for elevane og familiane.

Tilpassa undervisningsopplegg

Tenud skriv at AUF ønskjer å gi lærarane meir fleksibilitet til å tilpassa undervisningsopplegget til sine eigne elevar. Då er det merkeleg at dei også yter sterkast motstand når nokon foreslår nivådelt undervisning. Nivådelt undervisning inneber jo nettopp at lærarane tilpassar opplegget til nivået til den enkelte eleven, slik at nokon kan få større utfordringar og andre kan få meir hjelp.

quote-left

Dette handlar ikkje om å «akademisera» barndommen

quote-right

Eg trur norske elevar klarer seg mykje betre enn det AUF skal ha det til. Samanlikna med andre land har den norske skulen verken mykje testing, pugging eller resultatfokus.

Det som derimot stressar elevane, er kjensla av å ikkje henga med. Har ein gløymt det ein lærte før sommaren, vil det vera vanskeleg å byggja vidare på kunnskapen om hausten. Då er det vår plikt å finna løysingar som bidreg til å redusera dette læringstapet.

Høve til å lykkast

Dette handlar ikkje om å «akademisera» barndommen, men om å gi alle elevar høve til å lykkast. For mange elevar, spesielt dei frå låginntektsfamiliar, er skulen den primære arenaen for både læring og utvikling.