Planet og stjerne fekk samiske namn

Nordmenn har røysta fram samiske namn på ei stjerne og ein planet i eit solsystem som ligg 200 lysår frå jorda.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Solsystemet det gjeld, har berre ein kjend planet. Stjerna har fått namnet Násti, som betyr nettopp stjerne, og planeten fekk namnet Albmi, som betyr himmel, skriv NRK.

Forslaget kom frå eleven Emma Stefanussen, som går Vg3 i romteknologi ved Andøya vidaregåande skule. I alt kom det inn 824 norske namneforslag.

Blant dei andre namneforslaga som vart vurderte, var Trolltunga, Glomma og Askeladden.

Stjerna er mogleg å sjå med teleskop frå Noreg.

112 land har vore med i namnekonkurransen som International Astronomical Union står bak. Organisasjonen har som mål å skape medvit om menneska i universet.

Til høgre: stjerna med det nye, samiske namnet Násti. Til venstre: vår eiga sol. Foto: NASA

Norrøne namn i Danmark

Også i Danmark og Sverige har dei gitt namn til ei stjerne og ein planet.

Danskane har stemt fram namnet Muspelheim på stjerna, medan planeten som krinsar rundt han, skal heite Surt.

Surt. Frå boka: Myths of the Norsemen from the Eddas and Sagas

I norrøn mytologi er Muspelheim sørsida av verda. Det var den første verda som fanst, og ho er fylt av lys og eld. Surt er eldkjempa som vaktar Muspelheim.

Stjerna ligg 1.050 lysår frå jorda i retning stjernebiletet Pegasus.

Litteratur-inspirert i Sverige

Svenskane henta inspirasjon frå diktaren Harry Martinson, som vann Nobelprisen i litteratur i 1974.

Stjerna deira fekk namnet Aniara, og planeten som krinsar rundt henne, fekk namnet Isagel.

Aniara er namnet på Martinsons rom-epos frå 1956. Tittelen viser til namnet på eit romskip i boka, og Isagel er namnet på piloten på romskipet.

Stjerna ligg i midten av Karlsvogna i stjernebiletet Store bjørn, rundt 400 lysår borte.

Verdsrommet

Illustrasjonsfoto: NASA/Unsplash