Ein ny planet er fødd

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein ny planet er fødd

Eit stort internasjonalt forskarteam har ved hjelp av ESOs Very Large Telescope (VLT) fanga dette bildet av planetdanning rundt den unge stjerna PDS 70, ei oransje dvergstjerne.

Funnet er den første sikre oppdaginga av ein ung planet. Planeten grev seg veg gjennom materialet som omgjev stjerna og som denne planeten er danna frå. Det skriv atrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard og vitskapsformidlar Anne Mette Sannes i ei pressemelding frå Astroevents.

Les også: Snart får vi den lengste totale måneformørkinga i vårt hundreår

Ti millionar år gammal

Den unge stjerna er på rundt 0,82 solmassar og er rundt 10 millionar år gammal. Til samanlikning er vår eiga sol 4,6 milliardar år gammal. PDS 70 er om lag 370 lysår frå jorda i stjernebildet Kentauren.

Desse fire protoplanetariske skivene vart fotografert av romteleskopet Hubble i 1995, og dette var første gong vi fekk sjå slike skiver i detalj. Foto: Mark McCaughrean (Max-Planck-Institute for Astronomy), C. Robert O’Dell (Rice University), and NASA/ESA

Forskarar fekk for første gong auge på skiva i 1992, og i 2006 vart det stadfesta at det var snakk om ei protoplanetarisk skive (roterande skive med tett gass som omgir ei svært ung stjerne).

Radiusen til skiva er ca. 140 gonger so stor som avstanden mellom sola og jorda.

I 2012 vart ei opning oppdaga inne i gasskiva, og forskarane antok at det var snakk om danninga av ein ny planet. Holet inne i skiva hadde ein radius på 65 gonger distansen mellom sola og jorda.

Teamet målte lysstyrken til planeten på ulike bølgelengder slik at eigenskapar i atmosfæren til planeten kunne avdekkast, skriv Astroevents.

Overflatetemperatur på rundt 1000 grader

I dei nye observasjonane er planeten svært tydeleg og synleg som eit lysande punkt til høgre for det formørka sentrumet i biletet.

Den nye planeten er synleg som eit lysande punkt til høgre for det mørke sentrumet i bildet.

Planeten er rundt 3 milliardar kilometer frå stjerna, noko som tilsvarer avstanden mellom Uranus og Sola.

Analysane viser at planeten er ei gasskjempe fleire gonger større enn Jupiter. Overflatetemperaturen er på rundt 1000°C, noko som gjer den mykje varmare enn nokon planet i vårt eige solsystem.

Den høge temperaturen kjem av at planeten enno er i ein danningsfase.

Temperaturen vil likevel søkke betydeleg etter kvart som planeten blir eldre. Etter nokre milliardar år blir han truleg like kald som gasskjempane i vårt eige solsystem.

Les også: Kollisjonen mellom Andromedagalaksen og Mjølkevegen blir større enn rekna med

Bilde tatt ved hjelp av å blokkere lyset frå moderstjerna

Det formørka området i sentrum av bildet kjem av at det er tatt ved hjelp av ein koronograf. Ein koronograf er ei maske som blokkerer for det blendande lyset frå moderstjerna og som gjer forskarane i stand til å oppdage den mindre lyssterke skiva og dermed òg planeten.

På same måte som Månen blokkerer for lyset ved ei total solformørking, skal dette utstyret skygge for lyset frå moderstjerna slik at exoplanetar kan fotograferast. Illustrasjon: NASA/JPL

Slike skiver rundt unge stjerner er fødestjerner for planetar, men hittil er det berre gjort ei handfull usikre observasjonar av teikn på at dei inneheld nydanna planetar.

Resultata av dei nye observasjonane gir ny kunnskap om dei tidlege fasane av planetdanning. Det er fordi forskarane no har fått høve til å observere danninga av ein planet i ei ung planetarisk skive.

Støvstorm herjar Mars

Berre mogleg med høykontrast-fotografering

Bilda er tekne ved hjelp av høgkontrast-foto med eit sokalla ESOs SPHERE-instrument.

Sjølv om lyset frå stjerna vert blokkert ved hjelp av ein koronograf, må SPHERE i tillegg bruke observasjonsstrategiar og databehandlingssteknikkar. Dette er for å filtrere ut signal frå planetane sine ulike bølgelengder og ulike utviklingstrinn.

Thomas Henning, direktør ved Max Planck Instituttet, oppsummerer det slik: “Etter meir enn eit tiår med ekstrem innsats for å byggje dette høgteknologiske utstyret, gjer SPHERE oss no i stand til å hausta fruktene med oppdaginga av nyfødde planetar», skriv Anne Mette Sannes og Knut Jørgen Røed Ødegaard i Astroevents.

Les også: Organisk materiale funne på Mars