Noreg får gi namn til eit solsystem

200 lysår frå jorda ligg eit solsystem og berre ventar på å få nytt namn. Noreg skal få bestemma, og du kan vera med å avgjera namnet.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

International Astronomical Union blir 100 år og har i samband med dette ein kampanje: Alle land i verda skal få gi namn til kvart sitt solsystem. 100 land har meldt seg på så langt.

Det var NRK som først melde saka. 

Ligg i Store bjørn

Namnet på eksoplaneten Noreg har fått tildelt, heiter i dag: HD 68988 b.

Andøya Space Censter skriv at målet med kampanjen er å få folk til å reflektera over korleis jorda kunne blitt oppfatta av sivilisasjonar på andre planetar.

Solsystemet ligg i stjernebiletet Store Bjørn, som Karlsvogna er ein del av.

På HD 68988 b er det så langt oppdaga ei sol og eín planet, nærare bestemt, ein eksoplanet. Eksoplanetar (exoplanet på engelsk) er planetar som går i bane rundt andre stjerner enn sola. Dei tilhøyrer difor andre solsysteme enn vårt.

Her kan du sjå bilete og animasjon av planeten.

Illustrasjon av stjerna i solsystemet Noreg skal gi namn til. Det er vår sol til venstre side, så du kan samanlikna. (Illustrasjon av NASA)

Namnekonkurranse

Sola og planeten treng meir spanande namn enn På HD 68988 b, og fram til 30. september kan barn og unge i hele landet føreslå namn.

Poenget er at den komande generasjonen skal få velga namnet på den første eksoplaneten til Noreg, ifølge Andøya Space Center. Temaet for konkurransen er «norsk natur».

Her kan du lesa meir og senda inn ditt forslag. 

Frå 7. oktober til 7. oktober kan alle stemma over forslaga som har kome inn.